Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Gebyr og søknadar til bli kjent-fond

ordførarar2 crop fotoHBSArbeidsutvalet til nye Ålesund kommune skal sjå på gebyra for fleire tenester og vurdere søknadene som er komne inn til bli kjent-fondet. Utvalet har sitt møte 29. mai i Ålesund.

 Arbeidsutvalet (ordførarane i dei fem kommunane) har sitt møte i formannskapssalen i Ålesund rådhus, 29. mai klokka 12.00 - 15.00.

Gebyr

Blant sakene utvalet skal behandle er forskrift for feiing og tilsyn med fyringsanlegg, vatn og avløp, reguleringsplan, bygge- og delesaksbehandling, oppmålin og eierseksjonering. Dei fem kommunane har kvar for seg ein del lokale forskrifter som må fornyast som følge av kommunesamanslåinga. Forskriftene gir ikkje føringar om kva prisen på tenestene skal vere i den nye kommunen. Det er opp til det nye kommunestyret som har sitt konstituerande møte 24. oktober.

Utkast til forskrifter vil bli lagt ut på høyring når fellesnemnda har behandla saka 13. juni.

Bli kjent-fond

Søknadsfristen til bli kjent-fondets andre tildelingsrunde var 1. mai og det er kome inn 21 søknadar. Bli kjent-fondet er basert på eit ønske om at nye Ålesund skal legge til rette for å bringe folkk saman på tvers av kommunegrensene gjennom aktivitet og samarbeid. Fondet skal bidra med økonomiske tilskot til aktivitet som skaper felles identitet i den nye flotte kommunen vår.

Fellesnemnda satt av 500 000 kroner til Bli kjent-fondet i prosjektperioden. Det kan søkast om tilskot til inntil 50 000 kroner per tiltak eller arrangement. Frivillige lag og organisasjonar og institusjonar i dei fem kommuanne kan søke om tilskot som inkluderer innbyggarar frå minst to av dei fem kommunane.

I første runde blei det tildelt 408 000 kroner. Den samla summen for alle søknadar som er komne inn til andre tildelingsrunde overstig gjenståande beløp og det blir opp til arbeidsutvalet å vurdere dei einskilde søknadane og eventuelt tildeling frå fondet. Prosjektleiar foreslår eit alternativ der fellesnemnda utvider ramma til fondet med 250 000 kroner og kjem ikkje med framlegg i saka.

ROS-analyse nye Ålesund brannvesen

Arbeidsutvalet og fellesnemnda skal behandle ROS-analysen gjort på oppdrag for brannvesenet. Organiseringa og dimensjonering av brannvesenet i den nye kommunen skal vere basert på risiko og sårbarheit. Nordplan har difor, på oppdrag frå brannvesenet, gjort ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). Analysen seier ingenting om førebygging og beredskap, det blir ei eigen analyse.

Hovudfunn i ROS-analysen:

  • Tettbygde og sentrale område har flest utfordringar og hendingar. Vi vil og få vekst i befolkninga her.
  • Lang kyststripe, hovudlei nær land, ope hav og krevjande tilhøve. Stor og aukande skipstrafikk og aktivitet på sjø i fritid gir aukande tal hendingar på sjø.
  • Trafikkale utfordringar på E39 og E136, Vatne og Brattvåg.
  • Verneverdige og freda bygg i Ålesund sentrum. Mange kulturhistoriske bygg/kyrkjer i kommunane.
  • Fleirfunksjonelle og høge bygg i Brattvåg.
  • Opphoping av risikofylte bedrifter på Aspøya og i Skarbøvik.
  • Fleire samfunnskritiske bygg/funksjonar.
  • Framtidig infrastruktur.
  • Innsatstid i høve brannstasjonar.
  • Sløkkevasskapasitet er utfordande i grisgrendte område og nokre tettbebygde næringsområde.
  • Dei nordlege øysamfunna med få innbyggarar er sårbare.
  • Klimaet blir villare og våtare i åra som kjem.

Prosjektleiar ber arbeidsutvalet og fellesnemnda om å ta ROS-analysen til vitande og at fellesnemnda vedtar at funna som er gjort blir arbeidd vidare med i organisering og drift i det nye brannvesenet.

Arbeidsutvalet skal også sjå på formelle rammer og saker som skal opp til behandling hausten 2019.

 

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.