Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

1 300 kvadratmeter FN-lab på NMK

samarbeid om berekraft i smartyblaben i Ålesund 900x600FN-laben for berekraftig og smart by skal ligge på NMK, og det første møtet har allereie vore i lokala.

- Det er her det skal skje, kunne assisterande prosjektleiar for nye Ålesund kommune, Bente Glomset Vikhagen, avsløre då nye Ålesund inviterte til stormøte om FN-laben for smart og berekraftig byutvikling på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK).

Folk frå kommunar og fylke, forskingsmiljø, næringsliv og lab-partnerar fekk innblikk i FN-analysen som er gjort av Region Ålesund. Godt over 100 ulike område har vore analyserte og vurderte opp mot FNs berekraftsmål. Nokre av desse nøkkeltala fortel at Region Ålesund innfrir og til dels skårar godt. Som at regionen er «very well connected» når det gjeld folk sin tilgang til internett.

På andre område står det langt dårlegare til. Bruken av privatbil er eit slikt felt. At ein tredel av reinsa og reint drikkevatn forsvinn før det kjem i springen til folk er eit anna.

- På møtet blei det diskutert konkret korleis regionen kan løyse utfordringar som analysen peiker på, og Bente Vikhagen Glomset sa at desse tala og målingane ikkje gir nokon verdi i seg sjølv.Det er forståinga og diskusjonane vi får av tala og korleis vi tek tak i målingane for å heve oss, som betyr noko. Og her i laben skal vi få tett samarbeid mellom mange aktørar som gjer at vi kan forbetre resultata og få fart på utviklinga mot eit meir berekraftig samfunn.

Kunstig intelligens og raskare saksbehandling

Annik Magerholm Fet, viserektor ved NTNU Ålesund, tok fram laben sine moglegheiter til å samle prosjekt, folk og kunnskap som kunne utløyse støtte frå Forskningsrådet medan den nye leiaren for Innovasjon Norge sin hub for smarte samfunn, Sølve Fauskevåg, lovde dei ville vere tett på for å bidra til å styrke kommersialiseringa av ideane som ville oppstå på FN-laben.

Arbeidet med utforminga av laben er no inne i ein intensiv fase der ein både legg planar for kva laben skal gjere og korleis partnarskapa skal fungere. Femten partnerar er no på plass, fleire har meldt si interesse og endå fleire er velkomne. Desse får vere med på ein lab der ein mellom anna skal sjå på korleis ein kan bruke kunstig intelligens og virtuell verkelegheit for å løyse samfunnsutfordringar anten det er berekraftig næringsliv, trafikkavvikling eller raskare sakshandsaming i kommunen. Og kanskje kan ein lage digitalt visingsrom av ulike alternativ for Sørsida som eit testprosjekt?

Kun mogleg i fellesskap

Prosjektleiar i nye Ålesund kommune, Astrid Eidsvik, seier det avgjerande er at ein skaper laben i fellesskap.

- Og kanskje er det uvant at ein kommune tar å stor risiko som vi gjer med FN-laben,  men det er ein risiko vi er villeg til å ta fordi vi har trua på at vi kan få det til saman med det gode laget vi har å spele på.Konkret og visjonært

Marknadsdirektør i Cowi, rådgivingsselskap innan teknikk, miljø og samfunnsplanlegging, Kirsti Engebretsen Larssen, har tatt  turen frå Oslo for å vere med på møtet. Ho trur ikkje Ålesund tar for stor risiko med å ta på seg vertskapet for ein FN-lab for smart og berekraftig byutvikling.

-    Den krafta og kompetansen som er samla i Ålesund er unik i verdssamanheng. Dei tette banda mellom næringslivet og akademia er ein styrke, men her har ein også tradisjon for internasjonal tankegang, noko som gjer at ein kan lykkast på ein global arena også innan samfunnsutvikling.

Engebretsen Larssen seier FN sin måte å tenke byutvikling på gjennom dei konkrete måltala i berekraftshjulet er noko som vil hjelpe til å gi raskare resultat.

-    At det er konkret og målbart gjer at det blir meir tydeleg for alle involverte. Eg har høyrt mykje om smartbyar og det er ofte visjonært, men det vi opplevde her i Ålesund i dag var både konkret og visjonært.

På bildet

Hilde Løseth Modell (BDO), Erik Espeseth (Tafjord), Joel Mills (Offshore Simulator Centre), Annik Magerholm Fet (NTNU) og Bente Glomset Vikhagen (nye Ålesund) og Astrid Eidsvik (nye Ålesund) i den nye FN-laben for berekraftige og smarte byar. Laben skal ligge på NMK og blir den andre smartbylaben for FN I verda.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.