Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Innstillingar frå arbeidsutvalet

arbeidsutvalets møte i ålesund 290519 Arbeidsutvalet til nye Ålesund kommune såg på korleis ein skal behandle forskrift for gebyr på fleire tenester og innstiller på å auke Bli kjent-fondet.

 Arbeidsutvalet (ordførarane i dei fem kommunane) hadde sitt møte i formannskapssalen i Ålesund rådhus, 29. mai.

Orienteringar

Det var sett av tid til å drøfte organisering av næringsarbeidet i nye Ålesund.

Prosjektleiar Astrid J. Eidsvik orienterte om status og framdrift i prosjektarbeidet.

Vebjørn Krogsæter, som er leiar av komiteen for kommunevåpen og ordførarkjede, orienterte om arbeidet som skjer knytt til nytt kommunevåpen.

Gebyr

Arbeidsutvalet innstiller på at fellesnemnda vedtar at utkast til forskrift for feiing og tilsyn med fyringsanlegg, vatn og avløp, reguleringsplan, bygge-og delesaksbehandling, oppmåling og eierseksjonering blir lagt ut på høyring med høyringsfrist 1.september 2019.

Dei fem kommunane har kvar for seg ein del lokale forskrifter som må fornyast som følge av kommunesamanslåinga. Forskriftene gir ikkje føringar om kva prisen på tenestene skal vere i den nye kommunen. Prisen er opp til det nye kommunestyret som har sitt konstituerande møte 24. oktober.

Utkast til forskrifter vil bli lagt ut på høyring når fellesnemnda har behandla saka 13. juni.

Bli kjent-fond

Arbeidsutvalet innstiller på at fellesnemnda utvider ramma til Bli kjent-fondet med 250 000 kroner. Bakgrunnen er at det blei tildelt 408 000 kroner i første runde. Fellesnemnda har sett av totalt 500 000 kroner til fondet i prosjektperioden. Den samla summen for alle søknadar som er komne inn til andre tildelingsrunde, overstig gjenståande beløp.

Søknadsfristen til bli kjent-fondets andre tildelingsrunde var 1. mai og det er kome inn 21 søknader. Bli kjent-fondet er basert på eit ønske om at nye Ålesund skal legge til rette for å bringe folkk saman på tvers av kommunegrensene gjennom aktivitet og samarbeid. Fondet skal bidra med økonomiske tilskot til aktivitet som skaper felles identitet i den nye flotte kommunen vår.

Det kan søkast om tilskot til inntil 50 000 kroner per tiltak eller arrangement. Frivillige lag og organisasjonar og institusjonar i dei fem kommuanne kan søke om tilskot som inkluderer innbyggarar frå minst to av dei fem kommunane.

ROS-analyse nye Ålesund brannvesen

Arbeidsutvalet innstiller på at fellesnemnda tar ROS-analysen gjort på oppdrag for brannvesenet, til vitande.

Organiseringa og dimensjonering av brannvesenet i den nye kommunen skal vere basert på risiko og sårbarheit. Nordplan har difor, på oppdrag frå brannvesenet, gjort ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). Analysen seier ingenting om førebygging og beredskap, det blir ei eigen analyse.

Hovudfunn i ROS-analysen:

  • Tettbygde og sentrale område har flest utfordringar og hendingar. Vi vil og få vekst i befolkninga her.
  • Lang kyststripe, hovudlei nær land, ope hav og krevjande tilhøve. Stor og aukande skipstrafikk og aktivitet på sjø i fritid gir aukande tal hendingar på sjø.
  • Trafikkale utfordringar på E39 og E136, Vatne og Brattvåg.
  • Verneverdige og freda bygg i Ålesund sentrum. Mange kulturhistoriske bygg/kyrkjer i kommunane.
  • Fleirfunksjonelle og høge bygg i Brattvåg.
  • Opphoping av risikofylte bedrifter på Aspøya og i Skarbøvik.
  • Fleire samfunnskritiske bygg/funksjonar.
  • Framtidig infrastruktur.
  • Innsatstid i høve brannstasjonar.
  • Sløkkevasskapasitet er utfordande i grisgrendte område og nokre tettbebygde næringsområde.
  • Dei nordlege øysamfunna med få innbyggarar er sårbare.
  • Klimaet blir villare og våtare i åra som kjem.

Arbeidsutvalet ber om at fellesnemnda vedtar at funna som er gjort blir arbeidd vidare med i organisering og drift i det nye brannvesenet.

Arbeidsutvalet innstiller også på formelle rammer og saker som skal opp til behandling hausten 2019.

Vedtak i sakene

Fellesnemnda avgjer sakene endeleg i sitt møte 13. juni. Møtet er ope for publikum og blir halde i bystyresalen i Ålesund.

Møtet blir også streama og det er mogleg å sjå alle fellesnemndmøta i opptak i etterkant.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.