Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Avtale om breibandsutbygging inngått

ill.internet pixabay creative commonsNye Ålesund har inngått avtale med Telenor Norge AS og Nordvest Nett AS om utbygging og drift av breiband i 26 område i den nye kommunen.

Nordvest Nett og Telenor var dei to leverandørane som leverte tilbod i konkurransen om utbygging og drifting av breiband. Konkurransen var utlyst på Doffin. Kriteriet for område som kunne vere med,  var at området ikkje er kommersielt lønnsamt for breibandsleverandørar å bygge ut aleine.

Her er områda som blir utbygde:

1     Hellestranda, Haram                                            Telenor Norge AS
2     Kalvøya, Haram                                                   Telenor Norge AS
6     Krogsætra, Haram                                                Nordvest Nett
7     Vestrefjorden, Haram                                            Telenor Norge AS
8     Skor, Ertresvågen, Grøt, Haram                             Telenor Norge AS
9     Bjørnøya, Haram                                                  Nordvest Nett AS
10     Skjeltene-Hildre, Haram                                      Telenor Norge AS
11     Sandøy kommune uten Harøy og Finnøy, Sandøy  Telenor Norge AS
12     Fylling/Hjelen, Skodje                                         Telenor Norge AS
13     Håem/Glomset/Heggebakk, Skodje                     Telenor Norge AS
14     Svorta, Skodje                                                   Telenor Norge AS
15     Straumen, Skodje                                              Telenor Norge AS
16     Reiakvam, Skodje                                              Telenor Norge AS
17     Utvika/Ellingsøyfjorden, Skodje                           Telenor Norge AS
18     Stavset/Steinset, Skodje                                    Telenor Norge AS
19     Skar/Erstad/Grasdal, Skodje                              Telenor Norge AS
20     Engset, Skodje                                                 Telenor Norge AS
21     Skarbø-Vestre, Ørskog                                      Nordvest Nett AS
22     Vaksvika, Ørskog                                              Nordvest Nett AS
23     Gausneset, Ørskog                                           Nordvest Nett AS
24     Barlindhaugen, Ørskog                                      Nordvest Nett AS
25     Tyssegardane, Ørskog                                      Nordvest Nett AS
26     Taftasundet, Ålesund                                        Telenor Norge AS
27     Magerholm/Hesseberg, Ålesund                        Telenor Norge AS

På eitt område ventar nye Ålesund med tildelinga. Det er Hellandshamn, Skulstad, Remme og Samfjorden i Haram (ill: delområde nummer 5). Grunnen er at det er eksisterande nettilbod i delar av området. Nye Ålesund må difor undersøke om ein kan gi støtte til utbygging av breiband her.

Kart over utbyggingsområde merka med leverandør

  • Grøn: Telenor
  • Raud: Nordvest Nett
  • Grå: Ventar med tildeling

utbyggingsområde med leverandør større

Tidsrom

Tidsperspektivet for når utbygginga skjer, skisserast slik av Helge Veum, påtroppande stabssjef for digitalisering og innovasjon:
Helge veum web-    No er utbyggarane kjente med kva område dei får kontrakt for å bygge ut og drifte. Dei kjem til å legge planar for gjennomføring av utbygginga, og nokre område vil bli bygde ut før  andre. Det vesentlege av utbygginga vil skje i 2019 og 2020.

Han  oppmodar innbyggarar og næringsliv i dei aktuelle områda til å teikne abonnement når dei får tilbod om det frå ein av leverandørane, for å sikre utbygging:

-     Framleis er det slik at tilstrekkeleg mange innbyggarar må teikne abonnement for at utbygginga skal skje,  seier han.

NKOM-midlar til nokre område

Kommunane i nye Ålesund er også tildelt pengar frå Møre og Romsdal fylkeskommune for å gjennomføre breibandsutbygging. Dette er ei tilskotsordning frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM), som skal sørge for tilskot til breibandsutbygging der kommersielle aktørar ikkje finn det lønnsamt å bygge ut.
Nye Ålesund har fått eingongstilskot til utbygging i områda:

•    Hellestranda, Haram
•    Fylling/Hjelen, Skodje
•    Skarbø-Vestre, Ørskog

Bakgrunn

I intensjonsavtalen står det at nye Ålesund skal bruke inntil 30 millionar kroner på breibandsutbygging.  
Avtalane med dei to leverandørane utgjer ein totalsum på 27 671 212 kroner inkludert kommunens bidrag i område der det er NKOM-støtte. Nordvest Nett har inngått avtale om ei kontrakt på 6 619 212 kroner og Telenor på 21 052 000 kroner.
-    At innbyggarane har tilgang på breiband i heimen er viktig for å oppnå målet om å vere ein føregangskommune innan digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene, seier Veum.

-    Det er også viktig med breibandsutbygging for at innbyggarane skal kunne delta aktivt i det digitale samfunnet både når det gjeld skolearbeid, i jobb og at dei kan busette seg der dei ønsker, avsluttar han.

Her kan du lesepdf tildelingsbrevet i PDF.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.