Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Foreslår to nye kommunevåpen

Collasje kommunavaapen ny
Komiteen for nytt kommunevåpen og ordførarkjede foreslår to nye kommunevåpen. 13. juni skal fellesnemnda gi si tilrådning  om nytt kommunevåpen til det nye kommunestyret som skal veljast i haust.

 

- Prosessen har vore lærerik, utfordrande og skapt stort engasjement både i komiteen og i alle fem av dagens kommunar, seier komiteen.

I mai har ELLE mELLE AS, I&M AS og Trolltegn AS  hatt eit parallelloppdrag og designa forslag til nye kommunevåpen. 3. juni presenterte dei tre tilbydarane sine forslag for komiteen.

-Komiteen har i løpet av prosessen i fellesskap komen fram til at eit nytt kommunevåpen kan vere samlande for den nye kommunen. Alle dei tre tilbydarane har levert forslag til kommunevåpen i tråd med oppgåva frå komiteen, og nokre har og levert fleire forslag. No er det to forslag som komiteen ber fellesnemnda ta stilling til, seier leiar Vebjørn Krogsæter.


Komiteen for kommunevåpen og ordførarkjede er delt i synet på kva som er det beste forslaget, og vel difor å legge fram to forslag til nytt kommunevåpen, alternativ 1 frå ELLE mELLE AS og alternativ 2 frå I&M AS.

Alternativ 1 frå ELLE mELLE AS

 ELLE mELLE forslag til nytt kommunevåpen


Alternativ 1 er designa av ELLE mELLE AS og er eit redesign av Ålesund sitt opprinnelege byvåpen. Redesignet er ei modernisering og tilpassing av kommunevåpenet for å gjere det meir framtidsretta, samtidig som det tar omsyn til historia og tradisjonen som våpenet representerer.

pdfLes meir om forslaget og kva som ligg bak i pdf som er vedlagt.

Her kan du bla i pdf en:

 


Alternativ 2 frå I&M AS

IM skjold m tekst web

Alternativ 2 frå I & M AS står for nytenking, nyskaping og er eit framtidsretta kommunevåpen som kan utfordre og skape interesse for kommunen. Les meir om forslaget og kva som ligg bak i pdf som er vedlagt.

Her kan du bla i pdf en:

Eit viktig symbol for den nye kommunen

Framtidas bruk av kommunevåpen har endra seg og komiteen ser at kommunevåpenet som symbol er viktig i bygginga av den nye kommunen i tida framover. Den digitale kvardagen krev ei anna tilpassing av design på kommunevåpen enn det dei gamle kommunevåpna kan gi. Komiteen meiner at eit nytt kommunevåpen vil gi nye Ålesund eit godt synleg kommunevåpen på alle flater, også dei digitale.

Dette ligg til grunn for komiteens arbeid

«Fellesnemnda gjorde i sak 36/17 vedtak om å opprette ein politisk komité for å utarbeide forslag til nytt kommunevåpen og nytt ordførarkjede for nye Ålesund. Komiteen må legge opp arbeidet slik at dei nye symbola kan takast i bruk så snart som råd etter samanslåingstidspunktet 1.1.2020. «

Ut i frå dette mandatet har komiteen for kommunevåpen i 2018 gjennomført ein rekke opne prosessar med blant anna teiknekonkurranse, avstemming for å kåre folkets favoritt og kåring av ein klassevinnar.

Endeleg vedtak i haust

Frå 1. januar 2018 gjeld nytt regelverk om kommunevåpen og kommuneflagg. Den statlege godkjenningsordninga for kommunale og fylkeskommunale flagg og våpen er oppheva, og nye kommunevåpen skal ikkje lenger godkjennast av Kongen i statsråd. Det er kommunestyret som no skal vedta flagg og våpen.

Les meir om det nye regelverket på Arkivverket sin nettstad

Komiteen meiner at arbeidet med nytt ordførarkjede ikkje begynner før endeleg avgjerd om nytt kommunevåpen er tatt av det nye kommunestyret hausten 2019.  

Vedlegg:
pdfForslag frå Elle Melle – pdf med forklaring og originalforslag
pdfForslag frå I & M – pdf med forklaring og fleire originalforslag

Andre saker i fellesnemnda

Fellesnemndas møte begynner klokka 09.30 og politikarane får ei rekke orienteringar. Her er timeplanen for møtet:

  • Kl. 09.30: Klima,-areal og transportplan v/Grete Valen Blindheim
  • Kl. 09.50: Gebyrforskrifter v/EnviDan Momentum
  • Kl. 10.15: Kommunevåpen v/Vebjørn Krogsæter, ElleMelle og I &M
  • Kl. 10.50: Bypakken v/Liv Kjersti Finholt, Ålesund kommune
  • Kl. 11.15: Kommunedelutvala i nye Ålesund v/ny kommunalsjef Malin Piegsa
  • Kl. 11.40  Lunsj
  • Kl. 12.10: Interkommunale samarbeid v/ass. prosjektleiar Synnøve V. Synnes
  • Kl. 12.30: Oppstart sakliste

Når politikarane startar sjølve behandlinga klokka 12.30, er første sak gebyrforskrifter før dei går vidare til behandling av saken om kommunevåpen for nye Ålesund.

Gebyrforskrifter

Arbeidsutvalet innstilte i sitt møte på at fellesnemnda vedtar at utkast til forskrift for feiing og tilsyn med fyringsanlegg, vatn og avløp, reguleringsplan, bygge-og delesaksbehandling, oppmåling og eierseksjonering blir lagt ut på høyring med høyringsfrist 1.september 2019.

Dei fem kommunane har kvar for seg ein del lokale forskrifter som må fornyast som følge av kommunesamanslåinga. Forskriftene gir ikkje føringar om kva prisen på tenestene skal vere i den nye kommunen. Prisen er opp til det nye kommunestyret som har sitt konstituerande møte 24. oktober.

Utkast til forskrifter vil bli lagt ut på høyring om fellesnemnda gjer eit positivt vedtak.

Prosjektrekneskap 2018

Behandlinga av prosjektrekneskapen blei utsett i forrige møte fordi revisoren ikkje hadde ferdigstilt revisorrapporten.

Rekneskapen for 2018 viser eit forbruk på 25 081 120 kroner. Dette er eit mindreforbruk på 11 018 880 kroner ut frå vedtatt budsjett for 2018 på 36 100 000 kroner. Prosjektet er finansiert av økonomisk støtte og tilskot frå staten og skal ikkje gå på bekostning av dei kommunale budsjetta.

Klima-, areal- og transportplan

Fellesnmenda får framlagt eit forslag til planprogram for arbeid med klima-, areal- og transportplan og skal ta stilling til om oppstart av arbeidet kan kunngjerast. Forslaget blir lagt ut til høyring. Møre og Romsdal fylkeskommune, nye Ålesund, Giske og Sula har inngått ein samarbeidsavtale om utarbeiding av ein felles plan for klima, areal og transport i regionen.

Om politiske organ og organisering

Fellesnemnda får framlagt eit forslag til reglement for godgjerdsle for folkevalde i den nye kommunen, forslag til delegeringsreglement og forslag til organisering og reglement for medverknadsorgana (råda) i nye Ålesund. I tillegg skal politikarane ta stilling til om dei vil slutte seg til kontrollutvala sine felles tilrådingar om å vidareføre det interkommunale samarbeidet om kontrollutvalssekretariat.

Møtet

Du finn alle sakspapira til møtet under Politikk>Møtekalender og gjeldande dato.

Møtet begynner klokka 09.30 og blir streama til nett. Sendinga begynner ikkje før møtet begynner.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.