Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vil ha byvåpenet i nye Ålesund

Kommunevaapen aalesund kommunewebFellesnemnda innstilte i dag mot 3 stemmer at Ålesund kommunes byvåpen blir nye Ålesund sitt kommunevåpen.

Innstillinga kom som benkeforslag som fekk tilslutning frå fleire på fellesnemndas møte 13. juni. Det er det nye kommunestyret som skal avgjere kva kommunevåpen den nye kommunen skal få.

Fellesnemda tilrår også at det nye kommunestyret vurderer å arbeide videre med en digital profil i samsvar med fremlegget til ein av forslagsstillarane, ELLE mELLE.

ELLE mELLE var ein av tre tilbydarar som fekk 50 000 kroner kvar for å utarbeide forslag til kommunevåpen. Komiteen fekk bevilga totalt 316 000 frå fellesnemnda til kommunevåpenarbeidet.

Her kan du sjå forslaget frå ELLE mELLE:

Endeleg vedtak i haust

Frå 1. januar 2018 gjeld nytt regelverk om kommunevåpen og kommuneflagg. Den statlege godkjenningsordninga for kommunale og fylkeskommunale flagg og våpen er oppheva, og nye kommunevåpen skal ikkje lenger godkjennast av Kongen i statsråd. Det er kommunestyret som no skal vedta flagg og våpen.

Les meir om det nye regelverket på Arkivverket sin nettstad.

Arbeidet med nytt ordførarkjede begynner ikkje før endeleg avgjerd om nytt kommunevåpen er tatt av det nye kommunestyret hausten 2019.

Les meir om forslaga og den politiske komiteens arbeid i denne artikkelen:

Andre saker i fellesnemnda

Fellesnemnda behandla fleire saker i sitt møte 13. juni.

Gebyrforskrifter

Fellesnemnda vedtok at utkast til forskrift for feiing og tilsyn med fyringsanlegg, vatn og avløp, reguleringsplan, bygge-og delesaksbehandling, oppmåling og eierseksjonering blir lagt ut på høyring med høyringsfrist 1.september 2019.

Dei fem kommunane har kvar for seg ein del lokale forskrifter som må fornyast som følge av kommunesamanslåinga. Forskriftene gir ikkje føringar om kva prisen på tenestene skal vere i den nye kommunen. Prisen er opp til det nye kommunestyret som har sitt konstituerande møte 24. oktober.

Prosjektrekneskap 2018

Fellesnemnda godkjente prosjekrekneskapen for 2018.

Rekneskapen viser eit forbruk på 25 081 120 kroner. Dette er eit mindreforbruk på 11 018 880 kroner ut frå vedtatt budsjett for 2018 på 36 100 000 kroner. Prosjektet er finansiert av økonomisk støtte og tilskot frå staten og skal ikkje gå på bekostning av dei kommunale budsjetta.

Klima-, areal- og transportplan

Fellesnemnda vedtok å kunngjere oppstart av arbeidet med klima-, areal- og transportplanen for region Ålesund, og vil legge tilhøyrande forslag til planprogram ut til offentleg ettersyn.

Møre og Romsdal fylkeskommune, nye Ålesund, Giske og Sula har inngått ein samarbeidsavtale om utarbeiding av ein felles plan for klima, areal og transport i regionen.

Om politiske organ og organisering

Fellesnemnda får framlagt eit forslag til reglement for godgjerdsle for folkevalde i den nye kommunen, forslag til delegeringsreglement og forslag til organisering og reglement for medverknadsorgana (råda) i nye Ålesund. I tillegg skal politikarane ta stilling til om dei vil slutte seg til kontrollutvala sine felles tilrådingar om å vidareføre det interkommunale samarbeidet om kontrollutvalssekretariat.

Møtet i opptak

Du kan sjå møtet i opptak under bystyrets web-tv.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.