Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Arbeidsutval og vidare møte

skodjebruaArbeidsutvalet for nye Ålesund kommune møttast i Skodje 4. januar. Det vidare arbeidet framover blei diskutert og agendaen for styringsgruppa sitt møte 19. januar blei sett.

Det er ordførarane i dei fire kommunanen i nye Ålesund som utgjer arbeidsutvalet til styringsgruppa: Oddvar Myklebust (Sandøy), Dag Olav Tennfjord (Skodje), Karen Simonnes Aaens (Ørskog) og Eva Vinje Aurdal (Ålesund). Rådmennene i dei fire kommunane er også til stades på møta.

Sidan forrige møte er prosjektkoordinator Anne Berit Støyva Emblem på plass. Ho tiltrådde stillinga 9. januar.

Kommunikasjon

På møtet blei det bestemt at dei kommunikasjonsansvarlege i kommunane tar eit felles møte saman med prosjektkoordinatoren for å forberede oppgåver for styringsgruppa om kommunikasjonsstrategien og tiltaksplanen for den nye kommunen.

Det er behov for å styrke staben for kommunikasjon. Sak blir lagt fram for styringsgruppa.

Dagsorden til møtet i styringsgruppa 19. januar.

Styringsgruppa har politikarar og rådmenn frå dei fire kommunane som faste medlemmer. I tillegg møter tillitsvalde og andre fagsjefar på møta.

Møtet 19. januar blir lagt til Ørskog og begynner klokka 09.00.

Disse sakene skal diskuterast:

  • Organisering av kontrollutval
  • Utbygging av breiband
  • Prosjektmidlar til infrastrukturtiltak
  • Prosjekt for å styrke realfaga i grunnskolen og videregåande skole (Lego og Newton)
  • Etablering av hydrogenstasjon
  • Kartlegging av interkommunalt samarbeid
  • Gruppearbeid om informasjonstiltak
  • Presentasjon av næringsliv i Ørskog.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.