Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Eigedomsselskapet blir utforma

ÅKE organisasjonskart 900x600Leiarane i det nye eigedomsføretaket er no på plass med unntak av leiar for utleige og stønad der stillinga blir utlyst. Om kort tid vil også gruppeleiarane vere avklarte. Her blir også nokre stillingar utlyste.

På sitt møte 8. november 2018 vedtok fellesnemnda at nye Ålesund kommune etablerer kommunalt føretak (KF) for å løyse oppgåver knytt til eigedomsforvaltning og eigedomsdrift.

Vedtaket inneber at prosjektleiar skal arbeide vidare med å finne ei god organisering av det samla eigedomsområdet. Dette omfattar mellom anna kva for grenseoppgangar ein skal ha mellom oppgåver som skal løysast i det kommunale føretaket og i den ordinære kommunale organisasjonen.  Med bakgrunn i dette arbeidet vil fellesnemnda få framlagt sak med forslag til oppgåver og føremål (vedtekter) for det kommunale føretaket.

Tilsette sine rettar skal, uavhengig av driftsform, ivaretakast gjennom heile prosessen jf. lov-og avtaleverk.

Fellesnemnda meiner at det bør vurderast om det kan knytast endå fleire driftsrelaterte oppgåver til føretaket slik at det kan vere endå meir samhandling inn mot verksemdene i driftsspørsmål og dermed vere enno tettare knytt til oppfølginga av bygga kommunen leiger ut.

Ein må då innsjå at ein i føretaket på dette området sannsynleg må forlate prinsippet om bestiller-utførarmodellen. Det vil ikkje bli konkurranseutsetting av tenestene og ein får fast kostnad med årsverk som må sysselsettast, i staden for å leie inn ressursar etter behov. For kommunen som heilheit vil kostnaden likevel vere den same.

Eigedomsforvaltninga i (nye) Ålesund kommune skal evaluerast i kommunestyreperioden 2020 - 2023.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.