Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vil du lage ny kommunesong til nye Ålesund kommune?

 Illustrasjon av born som syng.

Nye Ålesund kommune inviterer til song-konkurranse for å feire den nye kommunen.

 Frå 1. januar 2020 blir nye Ålesund den tredje største kommunen på Vestlandet og den trettande største kommunen i landet. Den nye kommunen skal feirast med stor fødselsdagsfest og i samband med det inviterer nye Ålesund til songkonkurranse.


- Det gjer noko med oss når vi syng i lag, og difor ønskjer vi oss ein heilt ny song til ein flunkande ny kommune der vi får starte på nytt og synge oss i lag, seier prosjektleiar for nye Ålesund, Astrid Eidsvik.


Songen skal ha høg allsongfaktor og kunne brukast av unge og vaksne, i skular og barnehagar, i store forsamlingar og i lyd og lag. Teksta skal vere på norsk og spegle Ålesund sine verdiar; «Open – engasjert – modig».


- Vi håper dette kan bli lyden av nye Ålesund og ein av fleire ting som bitt oss i hop på vegen inn i det nye fellesskapet vi held på å utvikle.


Det er ein breidt samansett jury som skal kåre vinnaren av den nye kommunesongen, og vinnarane får ein premie på 20.000 kroner i tillegg til at dei får spele inn låta i studio. Bidraga (lydfil saman med notar eller tekst med besifring) skal sendast til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. innan 20. august 2019.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.