Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

VAL. foto Tore Fjeld.

Kommunestyrevalet for 2019 gjeld for Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Allereie frå 1. juli kan du tidlegstemme på alle fem rådhusa. Den offisielle valdagen er måndag 9. september.

Valet i 2019 skal gjennomførast som om nye Ålesund kommune er allereie er sett i drift. Alle som stemmer ved valet i 2019 skal velje representantar til kommunestyret i nye Ålesund kommune som trer i kraft 1. januar 2020. Det skal veljast 77 representantar frå dei forskjellige partia til det nye kommunestyret.

I perioden 1. juli til 9. august kan du tidlegstemme på alle rådhusa i dei 5 kommunane, Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund i opningstida. Ordinær førehandsstemming startar 12. august. Tid og stad vert kunngjort seinare.

Manntal

Du er innført i manntalet i den kommunen du er registrert i Folkeregistreret som busett 30. juni 2019. Manntalet ligg ute til offentleg ettersyn på servicetorget på rådhuset i Ålesund frå ca. 11. juli. Du kan kontrollere om du er innført i manntalet ved å kontakte kommunen, anten per telefon, e-post eller oppmøte på servicetorget i Ålesund rådhus.


VALKRETSAR OG STEMMESTADAR

Fellesnemnda i nye Ålesund vedtok i møte 08.11.2018 14 valkretsar  for nye Ålesund kommune. Valting i nye Ålesund kommune er måndag 9. september klokka 10.00 – 21.00 i alle vallokale, med unntak av Fjørtoft krets med opningstid klokka 15.00 – 20.00 og Lepsøy krets med opningstid klokka 13.00 – 20.00. Her finn du valkretsane og stemmestadar til valdagen 9. september:

VALKRETSSTEMMESTAD
Hessa, Skarbøvik og Aspøy    Skarbøvik ungdomsskole, gymsal   
Sentrum  Ålesund rådhus
Nørvøy, Nørvasund og Hatlane      Larsgårdhallen
Spjelkavik, Åse og Lerstad  Spjelkavik idrettshall
Indre Borgund (Blindheim, Flisnes og Emblem)    Blindheim idrettshall
Ellingsøy Ellingsøy idrettshall
Skodje Gomerhuset
Ørskog  Ørskog Kulturhus
Vatne og Tennfjord Eidet kulturhall
Brattvåg, Hilde og Søvik Ingebrigt Davik-huset
Lepsøy Lepsøy skule
Haramsøya og Longva  Haramsøy skule
Fjørtoft Fjørtoft skule
Sandøy  Sandøytunet


Du avgjer sjølv om du vil stemme ved både kommunestyrevalet og fylkestingsvalet, eller om du vil stemme berre til det eine valet. Du kan stemme berre ein gong. Du vil finne stemmesetlar til begge vala i valavlukket. Meir informasjon om korleis avgi stemme finn du på valg.no

Les enda meir om valet http://nyealesund.no/politikk/val

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.