Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Telenors koparnett blir nedlagt

Sentral på Eidsvikeidet
Koparnettet manglar kapasitet og stabilitet, og blir nedlagt. Kva betyr det for deg?

Det er over 100 år sidan ein starta med å bygge landsdekkande koparnett til telegrafi- og telefonformål. 

Koparnettet skulle i si tid tilby fasttelefon og etter kvart breiband. No ser ein at koparnettet ikkje alltid klarar å møte behovet for fart, stabilitet og kapasitet. Nettet er også sårbart når feil oppstår. Telenor vil byte ut det gamle koparnettet med sikrare løysingar, og dette moderniseringsarbeidet vil skje i åra fram mot 2023.  

Kva betyr det for kommunane i nye Ålesund?

Telenor skal legge ned ei rekkje sentralar som dekker ulike delar av kommunane. Nokre telesentralar er alt nedlagde, som på Orta og Sandøya, medan andre - som Årset på Ellingsøya, har nedleggingsdato 31.12.2021. Telenor har til dels stoppa feilretting på koparkablane, slik at abonnentane snarast mogleg må gå over til mobiltelefoni eller fiberbreiband. I vårt område er det fortsatt mange tusen abonnentar som nyttar koparnettet og som må velje alternative løysingar for telefoni- og breiband.

Kva betyr det for meg?

Er du kunde hos Telenor, NextGentel, Stayon eller andre teleoperatørar som bruker koparnettet, vil dei ta kontakt for å gi meir informasjon før dei set i gang arbeidet. Telenor kan ikkje legge ned tradisjonell telefoni utan at der er eit alternativt tilbod tilgjengeleg, som til dømes mobildekning.

Bygg som har brannalarm eller innbrotsalarm som bruker analog linje, må fornye linja fordi den ikkje vil virke når sentralen blir nedlagt.

Kva skjer med fasttelefonen?

Telenor har leveringsplikt på taletenester og tilbyr alternative løysingar som for eksempel ein heimetelefon som nyttar mobilnettet. Det finnast også andre løysingar som telefoni over breibrand hos internettleverandørane.

Kvar finn eg meir informasjon?

Telenor er ansvarleg for å gi informasjon om koparnettet. Du finn relevant informasjon på deira samleside om moderniseringa.  Har du spørsmål der du ikkje finn svart på nettsida, må du kontakte Telenor. Les meir og finn kontaktinformasjon til Telenor: https://www.telenor.no/privat/internett/modernisering/

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.