Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Tildelingar frå Bli kjent-fondet

fotballspeling Foto PederOttoDybvikSeks søkarar fekk støtte til arrangement og tiltak gjennom Bli kjent-fondet. Det var totalt 21 som søkte om støtte. Tildelinga blei gjort etter at arbeidsutvalet valde å auke ramma for tildelingar med 250 000 kroner.

 Nye Ålesund kommune ønsker å legge til rette for å bringe folk saman på tvers av kommunegrensene og knyte by, tettstadar og bygdelag tettare saman.

Gjennom Bli kjent-fondet har frivillige lag og organisasjonar, skuleklasser, velforeiningar eller andre som bur i nye Ålesund-området søkt støtte til for eksempel ein klassetur, eit pensjonisttreff, kulturarrangement eller idrettsaktivitetar. Arrangementet må skje i ein eller fleire av nye Ålesund-kommunane.

Støtta har vore begrensa til inntil  50.000 kroner per arrangement eller tiltak.

Desse fekk støtte no

  • Harøy fotballklubb og Haramsøy/Longva fotballklubb: kr 50 000,- til saman for å arrangere cup, vennskapskampar for å bli betre kjente
  • Ålesund museum: kr 50 000,- til opplegget "førstereis med Storeggen" for skoleelvar i nye Ålesund
  • Aggregat atelierfellesskap: kr 50 000,- til stimulering av nye samarbeid mellom kunstnarar frå ulike felt
  • Lerstad skolekorps: kr 50 000,-  til marsjeringsseminar med instruktørar frå HMK Garden. Skolekorpsa i den nye kommune blir inviterte.
  • Prosjektgruppa Ung i nye Ålesund: kr 50 000,- til Bli kjent dag i Sparebanken Møre Arena med ungommar, i samarbeid med interne og eksterne forebyggande tenester i alle kommunane.
  • Sotto Voce, Harøya: kr 15 000,- til to korkonsertar samane med koret halv8 frå Ålesund for å skape relasjonar i den nye storkommunen.

Til saman 265 000 kroner

Det er arbeidsutvalet (dei fem ordførarane) som står for tildelinga.

Dette var den siste tildelinga frå fondet. Det var i utgangspunktet sett av 500 000 kroner til fondet. Arbeidsutvalet vedtok på sitt møte 29. mai å auke ramma for tildeling med 250 000, slik at fleire kunne få støtte til kulturskapande tiltak. Barn og unge skulle prioriterast.

Her kan du sjå alle søknadane som kom inn.

Tidlegare tildelingar

Meir om Bli kjent-fondet og tidlegare tildeling finn du her.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.