Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vegkart skal rydde i smartbyjungelen

lansering av nasjonalt vegkart_Kari Aina Eik, Helge Veum og Eva Vinje AurdalNorske kommunar og fylkeskommunar får éin nasjonal vegvisar for smartbysatsing. Nye Ålesund har vore med i arbeidsgruppa som har utarbeidd Najonalt veikart for smarte og bærekraftige byer og lokalsamfunn.

Vegkartet definerer den smarte byen i norsk samanheng og ser på korleis vi skal få til auka samarbeid mellom stat, kommune og næringsliv for å bidra til berekraftige byar og lokalsamfunn.
Den nasjonale vegkartet er eit initiativ frå DOGA (Design og arkitektur Norge) nettverket Smartbyene i samarbeid med Nordic Edge i Stavanger.

I tillegg til nye Ålesund, har Asker, Bergen, Bodø, Fredrikstad, Narvik, Stavanger og Trondheim vore med å utarbeidd vegkartet.

-    Arbeidet har vore ein inkluderande prossess med både næringsliv og kommunar, seier Helge Veum, stabsleiar for innovasjon og teknologi i nye Ålesund. Han har vore med i arbeidsgruppa.

-    Vegkartet er eit godt utgangspunkt og ei felles startflate for smartbyarbeidet. Gjennom kartet får vi eit felles utgangspunkt som gir retning.

Vegkartet har åtte prinsipp som skal hjelpe norske kommunar og fylkeskommunar med å prioritere fokus og retning for smartbyarbeidet:

1.    Sett innbyggarane i sentrum
2.    Tenk heilskapleg
3.    Prioriter klima og miljø
4.    Vektlegg inkludering og samskaping
5.    Sats på neste generasjons næringsliv
6.    Del og ta i bruk opne data
7.    Sats på kompetanseutvikling, omstilling og innovasjon
8.    Begynn lokalt, men tenk lokalt

Arbeid for innbyggarane

Innbyggarane skal merke smartbyarbeidet seier Veum:

-    Det første prinsippet set innbyggarane i sentrum. Heile poenget med smartbyarbeidet er å forbetre og effektivisere tenestetilbodet til innbyggarane. Det må vi gjere ved hjelp av prinsipp nummer fire som tar for seg inkludering og samskaping der innbyggarane er med å definere både utfordringar og løysingar.

Han fortset:

-    Vegkartet gir ein tydeleg samanheng mellom berekraft og smartbysatsing, noko som er sentralt i arbeidet nye Ålesund gjer på området, blant anna gjennom samarbeidet med FNs smartbysatsing.

Nasjonalt veikart for smarte og bærekraftige byer og lokalsamfunn blei lansert under Arendalsuka, onsdag 14. august. Eva Vinje Aurdal, leiar i fellesnemnda for nye Ålesund sat i panelet. Generalsekretær for FNs smartby-satsing, Kari Aina Eik fortalte om satsinga og om samarbeidet med norske kommunar, der nye Ålesund har ein framskutt posisjon.

Du finn vegkartet på DOGA sine nettsider.

På bildet frå venstre: Kari Aina Eik, Helge Veum og Eva Vinje Aurdal

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.