Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Arbeidsutvalet om interkommunale samarbeid

ordførarar2 crop fotoHBSPå sitt første møte for hausten skal arbeidsutvalet behandle blant anna forslag til fleire interkommunale samarbeid, leige av lokale utanfor Ålesund rådhus og etablering av smartbylab.

Arbeidsutvalet for nye Ålesund består av ordførarane i dei fem kommunane. Rådmennene møter også i arbeidsutvalet.

Utvalet tilrår i saker som skal behandlast i fellesnemnda og kan også gjere vedtak i enkelte saker. Utvalets første møte i haust, blir halde på Sandøytunet på Harøy, 21. august klokka 10.15 - 15.00.

Leige av lokale i Kremmergaarden

Ut frå opplysingar som er gitt om tilstanden ved Ålesund rådhus, er det viktig rådhuset blir oppgradert. Prosjektleiar ber difor om vedtak frå fellesnemnda om å skaffe erstatningslokale i den tida som trengs for å oppgradere rådhuset.

Prosjektleiar ber om fullmakt til å underteikne kontrakt med Rasmus Rønnebergsgate Holding A/S for å leige delar av 2. etasje i Kremmergaarden i ein periode på 10 år til ein kostnad på kr 2.372.800 eks. mva pr. år. Beløpet blir innarbeidd i budsjett og økonomiplan.

Du kan lese framlegget frå prosjektleiar her.

Etablering av smartbylab

Etableing av ein smartbylab skal bidra til å nå nye Ålesund kommunes visjonar og mål:

Nye Ålesund kommune skal bli ein kommune med nasjonal slagkraft. Vi er geografisk plassert i Noregs mest innovative region, og dette ønsker leiinga skal prege den nye kommunen og bidra til fornying av offentleg sektor generelt. Kompetansen og teknologien her er verdsleiande innan maritim indstri, offshore og havrom. Innovasjonskulturen som er skapt i desse klyngene bør påverke kulturen i den nye kommunen.

Prosjektleiinga foreslår at fellesnemnda vedtar å inngå partnaravtale med OIER/ United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC) og at fellesnemnda støttar etableringa av Ålesund Smart and Sustainable City Lab ( Ålesund U4SSC Lab )ved Campus i Ålesund. 

Les saksframleggeet her.

Interkommunale samarbeid

Arbeidsutvalet skal tilrå til fellesnemnda om det skal inngås interkommunale samarbeid på fleire område frå 1. januar.

Alle tidlegare avtalar må uansett seiast opp og inngås på nytt fordi den nye kommunen blir ei ny juridisk eining.

Prosjektrekneskap 1. tertial 2019

Rapporten etter 1. tertial viser at prognosen for prosjektperioden er i balanse.

Rekneskapen viser at det blei brukt 10 343 481 kroner i 1. tertial.  Samla budsjett for 2019 er 34 650 000.

Mindreforbruket for 2018 var på 11 018 880 kroner. I samband med årsavslutninga for 2018 ba revisjonen om det at det måtte skiljast mellom drift og investering i prosjektrekneskapen. Prosjektleiar legg fram forslag til korleis dette blir synleggjort ved neste rapportering. I tillegg vil mindreforbruket for 2018 bli synleggjort i budsjettramma for 2019.

Andre saker

Arbeidsutvalet skal også gje si tilråding til fellesnemnda i saker som gjeld godtgjersle for fellesnemnda hausten 2019, og prinsipp for eigarskap, blir orientert om framdrifta i arbeidet med kommunedelutval, og skal se på oppnemning av valnemnd som skal innstille til det nye kommunestyret.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.