Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Renovering av Ålesund rådhus?

Aalesund rdhus Arbeidsutvalet behandla i sitt møte eit forslag om å leige lokale i nye Kremmergaarden i ein periode for å renovere Ålesund rådhus. Prosjektleiar Astrid Eidsvik fortel i ein video om bakgrunnen for forslaget og kva politikarane ønsker fram mot fellesnemndas møte 29. august.

Arbeidsutvalet diskuterte saken og påpekte særleg at det nye kommunestyret kanskje er dei rette til å avgjere saken med bakgrunn i at det er ei langtidsleige. Arbeidsutvalet diskuterte også alternativ med kortare leigetid og mogleg kapasitet i dei andre rådhusa under renoveringsperioden.

Etter diskusjonen valde utvalet å legge fram saken for fellesnemnda utan innstilling og ber prosjektleiar om å legge fram eit grundigaree saksframlegg på fellesenmndas møte 29. august der ho blant anna ser på kortare leigetid.

(Artikkelen fortset etter videoen)

Prosjektleiaren bygger forslaget på opplysingar som er gitt om tilstanden ved Ålesund rådhus. Prosjektleiar har difor bedt om vedtak frå fellesnemnda om å skaffe erstatningslokale i den tida som trengs for å oppgradere rådhuset.

Prosjektleiar meiner eit alternativ er å underteikne kontrakt med Rasmus Rønnebergsgate Holding A/S for å leige delar av 2. etasje i Kremmergaarden i ein periode på 10 år til ein kostnad på kr 2.372.800 eks. mva pr. år. Tanken er at dei som sit i den etasja som blir renovert, sit i leigde lokale til etasja er ferdigrenovert. Fram mot fellesnemndas møte, vil Astrid Eidsvik sjå på alternativ, blant anna kortare leigeperiode.

Det er vanskeleg å finne alternativ plass i dei andre rådhusa, seier Eidsvik i videoen. Det einaste som der det kan vere plass, er tenestehuset i Brattvåg, men Astrid meiner det vil vere vanskeleg å flytte heile avdelingar dit.

Arbeid med tilpassing av rådhusa

Arbeidsgruppa for tilpassing av Ålesund rådhus hadde sitt første møte før sommaren. I løpet av sommaren er det blitt klart at rådhuset har stort behov for oppgradering. Lite er gjort sidan bygget sto ferdig. Prosjektleiar har tatt kontakt med Ålesund kommunes administrasjonsbygg AS for å høyre kva strategiar og planar dei har for oppgradering av bygget innvendig.

Dei tilsette der etasja skal renoverast, vil bli involverte og tatt med på råd om korleis arbeidsplassen skal vere. Det er rom for å tenke både cellekontor og landskapsløysingar.

Kvar kommune får si lokale arbeidsgruppe som skal gå gjennom tilpassing av eige rådhus. Det er rådmannen i den einskilde kommune som vel representantar inn i arbeidsgruppa. Denne tilpassinga blir ikkje sett på vent om Ålesund rådhus skal renoverast. Arbeidet skal kome i gang i løpet av hausten.

Les også:

Rådhusgruppa har hatt sitt første møte

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.