Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Leiar for innbyggartorga tilsett

Hege SteinslandHege Steinsland (53) er tilsett som verksemdsleiar for innbyggartorga i nye Ålesund. Ho er no prosessrettleiar i firmaet Relasjonsutvikling i Brattvåg.Vi gratulerer!

Hege Steinsland har mange års erfaring som prosessrettleiar og har arbeidd med endring, teamutvikling konflikthandtering og coaching i ei årrekke. Ho har også bakgrunn frå pedagogisk arbeid ved Høgskulen i Ålesund, vore kirkeverge og kateket.

Hege har ein mastergrad i Relasjonsledelse frå NTNU og utdanning i Gestaltveiledning/coaching.

Jobben til Hege Steinslan blir å leie innbyggertorga som blant anna samlar bibliotek, frivillegsentralar og servicetorg.

Hege begynner i stillinga i 30 % frå 1. september og er på plass 100 % frå nyttår.

Om innnbyggartorg

Målet med innbyggartorga er å ha ein felles arena for kommunens brukerrretta tenester og ein stad for samfunnsutvikling og nærdemokrati. Det skal vere innbyggartorg på det som i dag er kommunesenteret i alle dei fem kommunane.Ved innbyggartorga skal du få generell informasjon om kommunale tenester og råd og rettleiing til å nytte skjema og sende søknadar. Det vil óg vere å snakke med eller avtale møtetid med ein saksbehandlar. Innbyggartorga skal legge til rette for lokale arrangement og koordinere aktivitet saman med frivillege lag og organisasjonar, næringsliv og andre samfunnsaktørar.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.