Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Tilrår interkommunale samarbeid og smartbylab

arbeidsutvalet 21 august 2019 i Sandøy cropArbeidsutvalet tilrår at fellesnemnda seier ja til å inngå fleire interkommunale samarbeid og til å etablere ein smartbylab. Utvalet ber om meir utgreiing i saken om leige av lokale utanfor Ålesund rådhus.

Arbeidsutvalet for nye Ålesund består av ordførarane i dei fem kommunane. Rådmennene møter også i arbeidsutvalet.

Utvalet tilrår i saker som skal behandlast i fellesnemnda og kan også gjere vedtak i enkelte saker. Utvalets første møte i haust, blei halde på Sandøytunet på Harøy, 21. august.

Leige av lokale i Kremmergaarden

Arbeidsutvalet behandla eit forslag frå prosjektleiar om å leige delar av 2. etasje i nye Kremmergaarden i ein periode for å renovere Ålesund rådhus.

Prosjektleiaren bygger forslaget på opplysingar som er gitt om tilstanden ved Ålesund rådhus, er det viktig rådhuset blir oppgradert. Prosjektleiar ber difor om vedtak frå fellesnemnda om å skaffe erstatningslokale i den tida som trengs for å oppgradere rådhuset.

Prosjektleiar ber om fullmakt til å underteikne kontrakt med Rasmus Rønnebergsgate Holding A/S for å leige delar av 2. etasje i Kremmergaarden i ein periode på 10 år til ein kostnad på kr 2.372.800 eks. mva pr. år. Beløpet blir innarbeidd i budsjett og økonomiplan.

Arbeidsutvalet diskuterte saken og påpekte særleg at det nye kommunestyret kanskje bør avgjere saken med bakgrunn i at det er ei langtidsleige. Arbeidsutvalet diskuterte også alternativ med kortare leigetid og mogleg kapasitet i dei andre rådhusa under renoveringsperioden.

Utvalet legg saken fram for fellesnemnda utan innstilling og ber prosjektleiar om å legge fram eit grundigaree saksframlegg på fellesenmndas møte 29. august.

Etablering av smartbylab

Arbeidsutvalet innstiller på at fellesnemnda vedtar å inngå partnaravtale med OIER/ United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC) og at fellesnemnda støttar etableringa av Ålesund Smart and Sustainable City Lab ( Ålesund U4SSC Lab) ved Campus i Ålesund. 

Etableing av ein smartbylab skal bidra til å nå nye Ålesund kommunes visjonar og mål:

Nye Ålesund kommune skal bli ein kommune med nasjonal slagkraft. Vi er geografisk plassert i Noregs mest innovative region, og dette ønsker leiinga skal prege den nye kommunen og bidra til fornying av offentleg sektor generelt. Kompetansen og teknologien her er verdsleiande innan maritim indstri, offshore og havrom. Innovasjonskulturen som er skapt i desse klyngene bør påverke kulturen i den nye kommunen.

Interkommunale samarbeid

Arbeidsutvalet tilrår at fellesnemnda går inn for at nye Ålesund skal inngå interkommunale samarbeid på fleire område frå 1. januar:

Alle tidlegare avtalar må uansett seiast opp - og eventuelt reforhandlast, fordi den nye kommunen blir ei ny juridisk eining.

Prosjektrekneskap 1. tertial 2019

Arbeidsutvalet tok rapporten til orientering.

Rapporten etter 1. tertial viser at prognosen for prosjektperioden er i balanse.

Rekneskapen viser at det blei brukt 10 343 481 kroner i 1. tertial.  Samla budsjett for 2019 er 34 650 000.

Mindreforbruket for 2018 var på 11 018 880 kroner. I samband med årsavslutninga for 2018 ba revisjonen om det at det måtte skiljast mellom drift og investering i prosjektrekneskapen. Prosjektleiar legg fram forslag til korleis dette blir synleggjort ved neste rapportering. I tillegg vil mindreforbruket for 2018 bli synleggjort i budsjettramma for 2019.

Andre saker

Arbeidsutvalet ga si tilsutning til framlegga om godtgjersle for fellesnemnda hausten 2019, prinsipp for eigarskapframdrifta i arbeidet med kommunedelutval, og  oppnemning av valnemnd som skal innstille til det nye kommunestyret.

Les alle tilrådingane og saksframlegga i protokollen som blir lagt ut etter møtet.

Fellesnemnda avgjer sakene i sitt møte 29. august.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.