Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Utlån av el-syklar på biblioteka

biblioteksykkel2 cropKva med å stikke innom biblioteket og få testa elsykkel for ei veke eller to? Slik kan det bli med elsykkelbibliotek i Ålesund.

Ålesundregionen var den første norske byen som blei ein del av FN-nettverket for smarte og berekraftige byar. Som ein del av det har FN-programmet United Smart Cities sett nye Ålesund i korta på over hundre ulike punkt. Noko av det ein skårar dårlegast på når det gjeld berekraft, er transport, bruk av sykkel og sykkel-deleordning.

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, seier analysen frå United Smart Cities er med på å gi retning og mål for utvikling og drift av kommunen, og no kjem forslaget om å lage til ordning med utlån av el-syklar frå biblioteket.

ordforarmedsykkel crop

  -    Dette er ein måte der tankegangen om Smart City kjem heilt inn i kvardagen til folk. Og vi håper ordninga med utlån av el-syklar vil gjere det lettare for folk å få testa ut el-syklar  og at det kan bli fleire som bruker sykkel som transportmiddel. Sykkel er bra både for innbyggarane, for byen og for miljøet.

  I dag er det berre om lag tre prosent av alle reiser i Ålesund som er på sykkel. Det langsiktige målet er femten prosent. Tidlegare har det vorte sett av pengar til tilskot til kjøp av elsykkel. Det er noko av desse pengane som ein no foreslår å heller bruke til å kjøpe el-syklar til utlån på biblioteket.

 

Meir berekraftig transport

Liv Kjersti Finholt, kommuneplanlegger i Ålesund, fortel dei har vore i dialog med fagfolk i kommunen, NTNU og nye Ålesund om korleis ein best kan auke sykkelbruken.

-    Og vi har kome fram til at det kan vere meir effektivt å satse på el-sykkelbibliotek som eit første steg på vegen for å auke bruken av elsykkel i Ålesund.

Finholt strekar under at dette ikkje er ei bysykkelordning.

-    Dette er ei ordning for at flest mogleg skal få prøve elsykkel i ein liten periode, ei til to veker, for å finne ut om elsykkel er noko for dei. Biblioteket kjem også til å låne ut ulike typar syklar, for å vise fram moglegheitene.

Mette Aaram Ringstad, biblioteksjef i Ålesund kommune er klar.

-    Biblioteket er ein møteplass og deleplass. Vi ser at biblioteka i stadig større grad låner ut og legg til rette for deling av meir enn bøker, og vi er glade for å kunne bidra til meir sykling og meir berekraftig transport i Ålesund.

Sunnare innbyggarar og sunnare by

Meir bruk av elsyklar gir effekt både for byen og for den enkelte. Transportøkonomisk Institutt peiker på meir fysisk aktivitet og betre helse for syklistane som ein av dei to viktigaste samfunnsøkonomiske gevinstane. Den andre er mindre bilkøar og mindre utslepp av klimagassar.

-    Auka bruk av syklar og elsyklar vil gi både sunnare innbyggarar, sunnare by og sunnare klima, seier Liv Kjersti Finholt.

Formannskapet sa ja til utlån av elsyklar på biblioteket 20. august og ordninga kan kome i gang frå slutten av september. I første omgang er det tenkt utlån frå biblioteket i Ålesund sentrum og på Moa.

Utlånsordning for elsykkel kan vere eit første steg for å auke talet på syklande i Ålesund. Å gå vidare med tilskotsordning til kjøp av elsykkel kan vere neste steg. Sykkelparkering i Ålesund kjem på plass i løpet av hausten og no i august er også ny sykkelplanleggar på plass.

Bildetekstar

Bildetekst 1: Biblioteksjef Mette Aaram Ringstad og kommuneplanleggar Liv Kjersti Finholt presenterer no planar om el-sykkelbibliotek. Auka bruk av syklar og elsyklar vil gi både sunnare innbyggarar, sunnare by og sunnare klima, seier Liv Kjersti Finholt.

Bildetekst 2: Ordførar Eva Vinje Aurdal håper ordninga med utlån av el-syklar gjer at det blir fleire som bruker sykkel som transportmiddel.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.