Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Fellesnemnda om interkommunale samarbeid

fellesnemndmøte 240817 ålesund I tillegg skal fellesnemnda blant anna avgjere om det kan leigast lokale til tilsette ved Ålesund rådhus ved ei renovering av rådhuset og bli informert om arbeidet om kommunedelsutval.

Fellesnemnda har sitt møte 29. august i bystyresalen i Ålesund. Møtet begynner klokka 09.00 og er ope for publikum. Det blir også overført direkte på bystyrets web-tv og kan sjåast i opptak i etterkant.

Nemnda består av fem valde politikarar frå kvar kommune.

Leige av lokale i Kremmergaarden

Fellesnemnda skal behandle eit forslag frå prosjektleiar om å leige delar av 2. etasje i nye Kremmergaarden i ein periode for å renovere Ålesund rådhus.

Prosjektleiaren bygger forslaget på opplysingar som er gitt om tilstanden ved Ålesund rådhus, er det viktig rådhuset blir oppgradert. Prosjektleiar ber difor om vedtak frå fellesnemnda om å skaffe erstatningslokale i den tida som trengs for å oppgradere rådhuset.

Prosjektleiar ber om fullmakt til å underteikne kontrakt med Rasmus Rønnebergsgate Holding A/S for å leige delar av 2. etasje i Kremmergaarden i ein periode på 10 år til ein kostnad på kr 2.372.800 eks. mva pr. år. Beløpet blir innarbeidd i budsjett og økonomiplan.

Arbeidsutvalet, som er dei fem ordførarane, diskuterte saken og har bedt prosjektleiar legge fram eit grundigare saksframlegg til fellesnemnda der det blir lagt fram alternativ med kortare leigetid og mogleg kapasitet i dei andre rådhusa under renoveringsperioden.

Interkommunale samarbeid

Arbeidsutvalet tilrår at fellesnemnda går inn for at nye Ålesund skal inngå interkommunale samarbeid på fleire område frå 1. januar:

Alle tidlegare avtalar må uansett seiast opp - og eventuelt reforhandlast, fordi den nye kommunen blir ei ny juridisk eining.

Forsøksordning med kommunedelsutval

Nye Ålesund har søkt om å bli med i ei forsøksordning for korleis kommunedelsutvala kan byggast opp og driftas. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har svart på søknaden og bedt nye Ålesund kome med eit forslag til forskrift for forsøket og samtidig skildre korleis forsøket skal bli gjennomført.

Nye Ålesund har stilt departementet fleire spørsmål som dei no har svart på:

  • Nye Ålesund får løyve til å gjennomføre eit forsøk der kommunedelsutvalet vel leiar og nestleiar direkte, leiar og nestleiar blir ikkje vald av kommunestyret slik det er etter loven.
  • Medlemmer som er under 18 år blir vald for ein to-årsperiode. Etter loven skal medlemmane veljast for heile valperioden.
  • Nye Ålesund har søkt om at kommunedelsutvala kan ha medlemmer ned til 14 år. Departementet seier at nye Ålesund ikkje treng søke om forsøksordning på dette punktet, fordi loven opnar for at medlemmar av folkevalde organ ikkje treng å ha nådd stemmerettsalder.
  • Nye Ålesund har bedt om ei avklaring på om det er eit krav at medlemmene må bu i kommunedelen eller kommunen for å bli medlem i eit kommunedelsutval og om nye Ålesund i tilfelle det er eit krav, kan avvike frå kravet i forsøket. Departementet svarer at det ikkje er eit krav at medlemmane må bu i kommunedelen og at det difor ikkje er behov for forsøk når det gjeld denne moglegheita. Når det gjeld å velje medlemmar utanfor kommunen, er dette i strid med bustadskravet. Departementet meiner dette kravet er ei grunnleggande bestemming og meiner difor at det ikkje vil vere mogleg å gjennomføre forsøk på dette området.

Fellesnemnda får ei orientering om arbeidet og prosessen vidare.

Etablering av smartbylab

Arbeidsutvalet innstilte på at fellesnemnda vedtar å inngå partnaravtale med OIER/ United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC - United for smart sustainalbe cities) og at fellesnemnda støttar etableringa av Ålesund Smart and Sustainable City Lab ved Campus i Ålesund.

Etablering av ein smartbylab skal bidra til å nå nye Ålesund kommunes visjonar og mål:

Nye Ålesund kommune skal bli ein kommune med nasjonal slagkraft. Vi er geografisk plassert i Noregs mest innovative region, og dette ønsker leiinga skal prege den nye kommunen og bidra til fornying av offentleg sektor generelt. Kompetansen og teknologien her er verdsleiande innan maritim indstri, offshore og havrom. Innovasjonskulturen som er skapt i desse klyngene bør påverke kulturen i den nye kommunen.

Prosjektrekneskap 1. tertial 2019

Arbeidsutvalet tok rapporten til orientering.

Rapporten etter 1. tertial viser at prognosen for prosjektperioden er i balanse.

Rekneskapen viser at det blei brukt 10 343 481 kroner i 1. tertial.  Samla budsjett for 2019 er 34 650 000.

Mindreforbruket for 2018 var på 11 018 880 kroner. I samband med årsavslutninga for 2018 ba revisjonen om det at det måtte skiljast mellom drift og investering i prosjektrekneskapen. Prosjektleiar legg fram forslag til korleis dette blir synleggjort ved neste rapportering. I tillegg vil mindreforbruket for 2018 bli synleggjort i budsjettramma for 2019.

Andre saker

Arbeidsutvalet ga si tilsutning til framlegga om godtgjersle for folkevalde i Ålesund kommune, godtgjersle for fellesnemnda hausten 2019, prinsipp for eigarskap, og oppnemning av valnemnd som skal innstille til det nye kommunestyret.

Les alle tilrådingane og saksframlegga.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.