Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Fellesnemndas avgjerder

fellesnemnda sitt møte i Ålesund 29. august 2019

Fellesnemnda sender saken om å leige lokale under renoveringa av Ålesund rådhus over til det nye kommunestyret. Dette var ein av sakene dei behandla i møtet sitt 29. august.

Fellesnemnda, som består av fem valde politikarar frå kvar kommune, hadde sitt møte 29. august i bystyresalen i Ålesund.

Nemnda består av fem valde politikarar frå kvar kommune.

Leige av lokale i Kremmergaarden

Fellesnemnda behandla eit forslag frå prosjektleiar om å leige delar av 2. etasje i nye Kremmergaarden i ein periode for å renovere Ålesund rådhus. Fellesnemnda vedtok med 15 mot åtte stemmer at dei ikkje ønsker å ta stilling til saka, men ber om at det nye kommunestyret får saka til behandling. Grunngjevinga er at denne saken grip slik inn i organiseringa og drifta av den nye kommunen at politikarane ikkje ønsker å ta avgjerda no.

Du kan lese meir om saken i sakspapira.

Interkommunale samarbeid

Fellesnemnda gjekk inn for at nye Ålesund skal inngå interkommunale samarbeid på fleire område frå 1. januar:

Alle tidlegare avtalar må uansett seiast opp - og eventuelt reforhandlast, fordi den nye kommunen blir ei ny juridisk eining.

Forsøksordning med kommunedelsutval

Fellesnemnda blei orientert om arbeidet med forsøksordning med kommuneldesutval.

Nye Ålesund har søkt om å bli med i ei forsøksordning for korleis kommunedelsutvala kan byggast opp og driftas. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har svart på søknaden og bedt nye Ålesund kome med eit forslag til forskrift for forsøket og samtidig skildre korleis forsøket skal bli gjennomført.

Nye Ålesund har stilt departementet fleire spørsmål som dei no har svart på:

  • Nye Ålesund får løyve til å gjennomføre eit forsøk der kommunedelsutvalet vel leiar og nestleiar direkte, leiar og nestleiar blir ikkje vald av kommunestyret slik det er etter loven.
  • Medlemmer som er under 18 år blir vald for ein to-årsperiode. Etter loven skal medlemmane veljast for heile valperioden.
  • Nye Ålesund har søkt om at kommunedelsutvala kan ha medlemmer ned til 14 år. Departementet seier at nye Ålesund ikkje treng søke om forsøksordning på dette punktet, fordi loven opnar for at medlemmar av folkevalde organ ikkje treng å ha nådd stemmerettsalder.
  • Nye Ålesund har bedt om ei avklaring på om det er eit krav at medlemmene må bu i kommunedelen eller kommunen for å bli medlem i eit kommunedelsutval og om nye Ålesund i tilfelle det er eit krav, kan avvike frå kravet i forsøket. Departementet svarer at det ikkje er eit krav at medlemmane må bu i kommunedelen og at det difor ikkje er behov for forsøk når det gjeld denne moglegheita. Når det gjeld å velje medlemmar utanfor kommunen, er dette i strid med bustadskravet. Departementet meiner dette kravet er ei grunnleggande bestemming og meiner difor at det ikkje vil vere mogleg å gjennomføre forsøk på dette området.

Etablering av smartbylab

Fellesnemnda vedtok at nye Ålesund inngår  partnaravtale med OIER/ United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC - United for smart sustainalbe cities) og at Ålesund Smart and Sustainable City Lab ved Campus i Ålesund bliretablert.

Etablering av ein smartbylab skal bidra til å nå nye Ålesund kommunes visjonar og mål:

Nye Ålesund kommune skal bli ein kommune med nasjonal slagkraft. Vi er geografisk plassert i Noregs mest innovative region, og dette ønsker leiinga skal prege den nye kommunen og bidra til fornying av offentleg sektor generelt. Kompetansen og teknologien her er verdsleiande innan maritim indstri, offshore og havrom. Innovasjonskulturen som er skapt i desse klyngene bør påverke kulturen i den nye kommunen.

Prosjektrekneskap 1. tertial 2019

Fellesnemnda tok rapporten til orientering.

Rapporten etter 1. tertial viser at prognosen for prosjektperioden er i balanse.

Rekneskapen viser at det blei brukt 10 343 481 kroner i 1. tertial.  Samla budsjett for 2019 er 34 650 000.

Mindreforbruket for 2018 var på 11 018 880 kroner. I samband med årsavslutninga for 2018 ba revisjonen om det at det måtte skiljast mellom drift og investering i prosjektrekneskapen. Prosjektleiar legg fram forslag til korleis dette blir synleggjort ved neste rapportering. I tillegg vil mindreforbruket for 2018 bli synleggjort i budsjettramma for 2019.

Andre saker

Fellesnemnda ga si tilsutning til framlegget om godtgjersle for fellesnemnda hausten 2019.

Framlegget om godtgjersle for folkevalde i Ålesund kommune blei vedtatt med nokre endringar som vil gå fram av møteprotokollen.

I saken om prinsipp for eigarskap, blei saken vedtatt som framlagt med eit ekstra punkt: I ein overgangsperiode skal ein behalde dagens ordning i dei einskilde kommunane. Ordninga skal evaluerast innan 01.01.2021.

Når det gjeld reglement for folkevalde organ, blei framlegget vedtatt med to tillegg:

  • Ved stemmelikheit er møteleiar sin stemme avgjerande.
  • Fellesnemnda ber prosjektleiar vurdere spørsmålet om oppretting av viltnemnd.

Fellesnemnda vedtok oppnemning av valnemnd som skal innstille til det nye kommunestyret.

Les alle saksframlegga og protokollen etter møtet.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.