Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Velkomen til ope møte om innbyggartorg

Foto: Peder Otto Dybvik

Nye Ålesund inviterer innbyggarar, næringsliv, frivillige organisasjonar, politikarar, diverse råd og andre interesserte til ope møte om innbyggartorg. 

 Det er arbeidsgruppene for innbyggartorg i dei ulike kommunedelane som arrangerer møta, og tema vil mellom anna vere styrkane som finst i lokalmiljøa og korleis ein kan utvikle desse vidare i den nye kommunen.

- Vi har ein draum om livskraftige lokalsamfunn i heile nye Ålesund kommune og i denne samanhengen trur vi at innbyggartorga kan bli eit viktig nav, seier Malin Piegsa, påtroppande kommunalsjef for kultur og medborgarskap.

 - Vi er no i ein prosess med å skape noko nytt og vil gjerne ha lokal kunnskap og engasjerte menneske med på laget. Under møta er alle interesserte velkomne til å kome med sine innspel, og vi håper at mange ser moglegheita dette gir til å påverke utviklinga av den lokale møteplassen innbyggartorga kan bli i lokalsamfunnet.

Det er kultur og medborgarskap som styrer innbyggartorga. Det er oppretta lokale arbeidsgrupper som skal komme med forslag til korleis innbyggartorga skal utformast og kva rolle innbyggartorga skal ha i lokalsamfunnet. Det er desse arbeidsgruppene som no inviterer til ope møte – eitt møte for kvart innbyggartorg.

- På innbyggartorga skal du finne kommunale tenester som frivilligsentral, bibliotek, sørvistorg, folkehelseaktivitetar osb, seier Piegsa. - Det er meininga at innbyggartorga skal ha to hovudfunksjonar; som arena for kommunale tenester og som arena for samfunnsutvikling og nærdemokrati. Begge desse funksjonane skal tilpassast lokalmiljøet. Det skal vere totalt fem innbyggartorg plassert rundt om i dei ulike kommunesentra, og desse vil få ulike uttrykk alt etter behov og korleis lokala er utforma.

Om innbyggartorga

Nye Ålesund vil utvikle kvaliteten på tenestene og sørvisen til innbyggarane. Lokal identitet og nærdemokrati skal vere høgt prioritert og kommunen skal aktivt samarbeide med andre samfunnsaktørar ved å etablere ulike møteplassar og samarbeidsformer. Kommunen ønskjer eit godt og tillitsbasert samspel med innbyggarar, frivillige, næringsliv, administrasjon, tillitsvalde og politikk. Ein måte nye Ålesund ønskjer å få dette til på, er ved å opprette innbyggartorg.

Tid og stad for møta:

3. september 2019 kl 18.30-20.30: ID-huset, Brattvåg

5. september 2019 kl 17.15-19.15: Sandøyhagen, Steinshamn

12. september 2019 kl 18.30-20.30: Gomerhuset, Skodje

18. september 2019 kl 18.30-20.30: Bystyresalen, Ålesund

19. september 2019 kl 18.30-20.30: Ørskog skule, Sjøholt

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.