Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Kva blir den nye kommunesongen?

boy 2844558 1920Det har kome inn mange gode bidrag i konkurransen om ny kommunesong og juryarbeidet skal straks starte opp.

Prosjektleiar for nye Ålesund, Astrid Eidsvik, er fornøgd med deltakinga.

-    Vi har fått inn sju bidrag der folk har lagt arbeid i tekstskriving, komponering og arrangering. Her er det mykje godt kulturarbeid som er lagt ned og det er artig å sjå korleis nye Ålesund stig fram frå tekstar og notelinjer.

Juryen

Straks skal juryen i gang med arbeidet sitt. I første omgang får dei tekst, notar og lydfiler som heimelekse. Deretter skal dei møtast for å kåre vinnaren.

Med i juryen er ordførar i Ålesund kommune, Eva Vinje Aurdal, skodespelar og kulturarbeidar Astrid Overaa, rappar Isak Shorty, kor- og lydkvinne Turid Skjelten, songar Magne Fremmerlid, redaktør i Bygdebladet, Reidar Opsal, leiar for ungdomsrådet i Sandøy, Anna Saure, redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg, dagleg leiar for Terminalen, Synnøve Nesdal Sandnes og redaktør for Radio Aalesund, Egil Farstad.

Om konkurransen

I konkurransereglane heiter det at songen skal ha høg allsongfaktor og kunne brukast av unge og vaksne, i skolar og barnehagar, i store forsamlingar og i lyd og lag. Teksta skal vere på norsk og spegle Ålesund sine verdiar; Open – engasjert – modig.

Astrid Eidsvik håper den nye songen kan bli lyden av nye Ålesund og ein av fleire ting som bind innbyggarane i saman på vegen inn i det nye fellesskapet som no blir skapt.   

Vinnarane får ein premie på 20.000 kroner i tillegg til at dei får spele inn låta i studio.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.