Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nye Ålesund har inngått avtale med Friskus

Friskus logoFriskus er ein digital møteplass som skal hjelpe dei som treng ei hand i kvardagen å kome i kontakt med menneska og organisasjonane som står klare til å hjelpe. Friskus er også ein aktivitetskalender der innbyggarane kan finne ut kva som skjer i nærmiljøet.

 Nye Ålesund kommune har testa to ulike frivilligverktøy i eitt år, Friskus og Nyby. Prøveperioden er over og kommunen har inngått avtale med Friskus.

Nysgjerrig på kva som skjer i ditt nærområde?

I aktivitetskalendaren til Friskus får du opp aktivitetar som skjer i nye Ålesund kommune og du kan filtrere på interesser og målgrupper. Det er førebels Haram frivilligsentral med tilhøyrande frivillige lag og organisasjonar som har testa Friskust, difor er dei fleste aktivitetane knytt til Haram og omegn, men framover vil du finne mange spennande aktivitetar i Friskus i heile nye Ålesund kommune.

Deltakar eller bidragsytar?

Finn arrangementer og aktivitetar du vil vere med på eller oppdrag der du kan bidra som frivilleg.

Kva kan Friskus bety for deg som innbyggar?

  • Tilgang til aktivitetskalender
  • Bidra som frivillig med det du kan, når du kan
  • Mogligheit for å byggje opp ein alternativ CV
  • Enklare dialog med kommune, frivillige lag og organisasjonar

Kva kan Friskus bety for kommunen, lag og organisasjonar?

  • Større flate for kopling av menneske
  • Mobilisering av fleire ressursar
  • Enklare koordinering
  • Ein plass å vise fram aktivitetar og oppdrag
  • Saumlaus samhandling mellom organisasjonar
  • Moglegheit for å hente ut rapportar
  • Meir tid til mennesket

Håper å sjå deg i Friskus!
https://friskus.com/calendar/activities

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.