Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Leiar for Ålesund Smart og berekraftig Bylab

Foto Peder Otto Dybvik

Nye Ålesund kommune søker ein samfunnsengasjert, framtidsretta og nytenkande leiar for Ålesund Smart og berekraftig bylab (United for smart og sustainable cities lab –U4SSC Lab). Er det du?

 

I samarbeid med FN si satsing på smarte og berekraftige byar, etablerer nye Ålesund kommune Nord- Europa sin første United Smart and Sustainable Cities Lab ved Campus i Ålesund. Leiar si i oppgåve er å leie arbeidet med å utvikle, etablere og drifte Ålesund U4SSC- Lab. Dette er ei 100 % fast stilling med arbeidsplass ved Ålesund sin smartbylab ved Campus.

Arbeidsoppgåver

  • Tilrettelegge for etablering,  utvikling og drift av Ålesund Smart Sustainable City Lab.
  • Leie den daglege drifta av Ålesund U4SSC- Lab og det matriseorganiserte teamet ved laben.
  • Ha ein god dialog med samarbeidspartar internt og eksternt.
  • Det må reknast med noko reising.

Kvalifikasjonar

  •  Relevant høgare utdanning minimum bachelorgrad.   
  • Generelt god IKT-forståing og interesse for framtidsretta teknologiske løysingar.
  • Vere god til å kommunisere både skriftleg og munnleg.
  • Vere samfunnsengasjement.
  • Kunne ordlegge seg godt på engelsk skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Er god på strategiske arbeidsprosessar og evne til å gjennomføre tiltak.  
  • Har evne til å motivere og er god på å bygge relasjonar internt og eksternt.
  • Har pågangsmot og ser mogelegheiter til å gå opp nye vegar.

Vi tilbyr

Som vår nye medarbeidar får du spennande og utfordrande arbeidsoppgåver på strategisk nivå, som inneber å vere med å forme smarte og berekraftige Ålesund kommune saman med prosjektteamet og prosjektorganisasjonen fram til 01.01.2020.

Du kjem i tett kontakt med mange ulike fagmiljø innan det offentlege, akademia og privat næringsliv. Stillinga har gode og konkurransedyktige vilkår og god pensjons- og forsikringsordning.

Les meir og søk på stillinga!

Søknadsfrist er 15.09.2019, full utlysning finn du under ledige stillingar.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.