Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Godt val!

Valg foto Tore Fjeld

Det er kommunestyre- og fylkestingsval 9. september. Valet skal gjennomførast som om den nye kommunen er i drift og du kan fritt velje mellom dei 14 vallokala i den nye kommunen når du stemmer. Hugs legitimasjon!

Alle som stemmer ved valet i 2019 skal velje representantar til kommunestyret i nye Ålesund kommune som trer i kraft 1. januar 2020.

Det skal veljast 77 representantar frå dei forskjellige partia til det nye kommunestyret. Det er også val til fylkestinget.

Valkretsar og vallokale

Opningstidene i vallokala er klokka 10.00 – 21.00 i alle vallokale, med unntak av Fjørtoft krets med opningstid klokka 15.00 – 20.00 og Lepsøy krets med opningstid klokka 13.00 – 20.00.

Hugs å ta med legitimasjon!

VALKRETSSTEMMESTAD
Hessa, Skarbøvik og Aspøy    Skarbøvik ungdomsskole, gymsal   
Sentrum  Ålesund rådhus
Nørvøy, Nørvasund og Hatlane      Larsgårdhallen
Spjelkavik, Åse og Lerstad  Spjelkavik idrettshall
Indre Borgund (Blindheim, Flisnes og Emblem)    Blindheim idrettshall
Ellingsøy Ellingsøy idrettshall
Skodje Gomerhuset
Ørskog  Ørskog Kulturhus
Vatne og Tennfjord Eidet kulturhall
Brattvåg, Hilde og Søvik Ingebrigt Davik-huset
Lepsøy Lepsøy skule
Haramsøya og Longva  Haramsøy skule
Fjørtoft Fjørtoft skule
Sandøy  Sandøytunet


Du avgjer sjølv om du vil stemme ved både kommunestyrevalet og fylkestingsvalet, eller om du vil stemme berre til det eine valet. Du kan stemme berre ein gong. Du vil finne stemmesetlar til begge vala i valavlukket. Meir informasjon om korleis avgi stemme finn du på valg.no

Les enda meir om valet http://nyealesund.no/politikk/val

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.