Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Ordførar og varaordførar klar i Ålesund

Vebjørn Krogsæter og Eva Vinje AurdalEva Vinje Aurdal blir ordførar i den nye kommunen, medan Vebjørn Krogsæter blir varaordførar. Det er klart etter forhandlingar i ein koalisjon mellom sju av partia som stilte til val.

Eva Vinje Aurdal frå Arbeiderpartiet blir den første ordføraren i den nye kommunen. Vinje Aurdal er ordførar i noverande Ålesund. Noverande ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter frå Senterpartiet blir varaordførar. Det er klart etter forhandlingar mellom sju av partia som stilte til val 9. september.

Dei sju partia som dannar koalisjonen er Ap, Sp, KrF, SV, MDG, Venstre og Rødt. Totalt har dei 40 mandat og fleirtal  i kommunestyret. Det nye kommunestyret vil få 77 representantar og konstituerer seg på sitt første møte 24. oktober.

koallisjonen 2020 2024 crop

Bildetekst: Her er representantar frå alle dei sju partia etter forhandlingane i formannskapssalen på Ålesund rådhus.

Når trer kommunestyret inn?

Kommunestyret har sitt konstituerande møte 24. oktober, men trer ikkje formelt i funksjon før 1. januar 2020. Kommunestyret kan likevel gjere bindande vedtak etter konstitueringa i oktober. Planlagte vedtak før 1. januar er blant anna satsar for kommunale gebyr, avgifter og eigenbetaling, kva målform den nye kommunen skal bruke og reglar for målbruken, kommunevåpen og ordførarkjede, verdiplakat og etiske retningsliner, kva ordning det skal vere for eigedomsskatt i overgangsperioden og ny beredskapsplan.

Nye Ålesund har frist til 1. januar 2021 til å vedta nye forskrifter og vedtekter.

Ordførarane i dei fem kommunane fungerer i sine roller fram til årsskiftet og dei fem kommunestyra sin funksjonsperiode er forlenga ut året. Dei sittande kommunestyra har begrensa mynde og ansvar dei siste månadane fram til 2020. Kommunestyra har etter loven berre ansvar og fullmakt til det som er nødvendig for å avslutte verksemda i dei eksisterande verksemdene.

Her er lista over representantane med fast plass i kommunestyret.

Arbeiderpartiet

Arbeiderpartiet får 16 representantar.

  • Eva Mariann Vinje Aurdal
  • Siv Katrin Ulla
  • Sindre Muren Nakken
  • Åse Kristin Ask Bakke
  • Geir Ove Leite
  • Svein Rune Johannessen
  • Emil Inge Korsnes
  • Torill Andersen Leganger
  • Tove Nygård
  • Daniel Pour Asgharian
  • Anne Berit Støyva Emblem
  • Ove Lars Økland
  • Njål Bele
  • Sagvan Fathi Ahmed Ahmed
  • Nora Morken Farstad
  • Sigmund Haugen

Høyre

Høyre får 15 representantar.

  • Dag Olav Tennfjord
  • Bjørn Sandnes
  • Øystein Tvedt
  • Monica Molvær
  • Sissel Standal
  • Jessica Gärtner
  • Bente Bruun
  • Roar Salen
  • Sunniva Bøstrand
  • Frode Andresen
  • Lene Vadseth Larsgård
  • Preben Dimmen
  • Helge Ervik
  • Ewa Hildre
  • Rolf Longva

Framskrittspartiet

Fremskrittspartiet får 13 representantar.

  • Thorbjørn Fylling
  • Håkon Lykkebø Strand
  • Cine Finstad Austnes
  • Tor André Gram Franck
  • Jannicke Skaue Strømmen
  • Norvald Helge Lausund
  • Wenche Gausnes Aasen
  • Asgeir Berg
  • Fredrik Skodje
  • Silje Sandøy Husøy
  • Arne Rogne
  • Thomas André Kvam
  • Inger Margrethe Landsverk

Senterpartiet

Senterpartiet får 10 representantar.

  • Vebjørn Krogsæter
  • Kirsti Dale
  • Frode Dyrkorn
  • Karoline Stette
  • Eivind Davik
  • Camilla Vatne
  • Marit Nerås Krogsæter
  • Lisa Alvestad
  • Hege Kristin Natland
  • Janet Roelofs

Ålesundlista Tverrpolitisk liste

Ålesundlista Tverrpolitisk liste for Ålesund får 6 representantar.

  • Hans Kjetil Knutsen
  • Tore Hovland
  • Randi Karin Asbjørnsen
  • Knut Alexander Mo
  • Wenke Engvik Gjørtz
  • Kristin Høegh Krohn Devold

Kristelig Folkeparti

Kristelig Folkeparti får 5 representantar

  • Tore Johan Øvstebø
  • Randi Walderhaug Frisvoll
  • Arnt Ove Tennfjord
  • Jan Kristian Behrentz
  • Ester Jorid Walgermo

Miljøpartiet De Grønne

Miljøpartiet De Grønne får 4 representantar

  • Jarle Hauge Steffensen
  • Joakim Skaar
  • Eva-Brit Langva
  • Hedda Veslemøy Aasen

Pensjonistpartiet

Pensjonistpartiet får 2 representantar.

  • Eldar Andreas Eilertsen
  • Olger Jostein Drønnesund

Sosialistisk Venstreparti

Sosialistisk Venstreparit får 2 representantar.

  • Anders Lindbeck
  • Ann-Mari Skarbø

Venstre

Venstre får 2 representantar.

  • Kari Grindvik
  • Hans Endre Sæterøy

Partiet De Kristne

Partiet De Kristne får 1 representant: Ole Gerhard Steen

Rødt

Rødt får 1 representant: Malena Strømmen Malakzadeh

 

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.