Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Harøy skule treng deg

nye alesund kommune sandyhagen sandy tonemolnes TMO0288 900x600Skolen er ein barne- og ungdomsskole med 163 elevar og ligg vakkert til på Harøy. No treng vi deg som vil vere med i det pegagogiske utviklingsarbeidet som rektor og assisterande rektor. Søknadsfrist er 15. oktober. 

Sandøy kommune/nye Ålesund kommune søker rektor og assisterande rektor som kan leie skolen vidare i lag med engasjerte og dyktige lærarar, fagarbeidarar, sosiallærar og miljøterapeut.

Satsingsområde har vore klasseleiing, felles verdiar og grunnleggande leseopplæring. Skolen ligg sentralt på Harøya, vel ein time med hurtigbåt frå Ålesund eller ein knapp time med ferje frå Brattvåg.

Rektor

Som vår nye rektor får du spennande og utfordrande arbeidsoppgåver på strategisk nivå, og vil vere med å forme verksemdsområdet - det faglege, pedagogiske og det administrative. Vi håper du vil vere med å utvikle skolen vidare og ikkje minst sette elevane i fokus.

Sjå meir om arbeidsoppgåver, kvalifikasjonar og personlege eigenskapar som vi ser etter.

Assisterande rektor

Som assisterande rektor har du - etter delegering frå rektor, faglege, pedagogiske, administrative og personaladministrative arbeidsoppgåver. Stillinga har 70 % administrasjonsressurs og 30 %  undervisning. Assisterande rektor trer inn for rektor når denne er fråverande.

Sjå meir om arbeidsoppgåver, kvalifikasjonar og personlege eiegenskapar som vi ser etter.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.