Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Bildelingsordning

Atlanta traffic I-75 South_photo Farai FlickrEi arbeidsgruppe skal kome med forslag til modell for å kunne ta i bruk bildelingsordning for tilsette, politikarar og innbyggarar i Ålesund kommune frå 2020. Det bestemte det partssamansette utvalet på sitt møte 25. september.

Det partssamansette utvalet består av ordførarane i dei fem kommunane som representerer arbeidsgiversida og tillitsvalde og hovudverneombod for dei tilsette i dei fem kommunane. Rådmennene og prosjektleiar møter også.

Bakgrunnen for forslaget med bildelingsordning er det grønne skiftet og kommunes ambisjonar i klima- og miljøarbeidet. Kommunen ønsker å få ned bruken av kommunalt eigde og private bilar til tenestekøyring, og å få fleire tilsette til å velge anna løysing enn køyring med privat bil til og frå jobb. Tilgang til fossilfrie tenestebilar, elsyklar og syklar, gode kollektivløysingar, og strengare reglar for parkering betalt av arbeidsgivar og retten til kilometergodtgjersle, er verkemiddel som kan nyttast for å oppnå dette.

Arbeidsgruppa skal ha slik samansetting:

  • Fagleiar Liv Kjersti Finholt (leiar)
  • Rådgivar (innkjøp)
  • Rådgivar (personal)
  • Verksemdsleiar (tekniske tenester)
  • Verksemdsleiar (helse- og sosiale tenester
  • Verksemsleiar (oppvekst)
  • Verksemdsleiar (kultur m.v)
  • To arbeidstakarrepresentantar
  • Vernetenesten

Oppgåve

Arbeidsgruppa skal arbeide med desse problemstillingane:

  • Kvar skal ei (eller fleire ulike) delingsordningar lokaliserast, kven (tenester) skal nytte dei og kor mange bilar bør dei omfatte?
  • Kor mange arbeidsgivarbetalte parkeringsplassar kan frigjerast i parkeringshusa i Ålesund sentrum? (Faste plassar pluss rabattkort som i røynda er å likne med faste plassar.)
  • Når kan ordninga(ne) kome i gang? Kva må førebuast?
  • Kva for særskilte kriterier bør knyttast til innbyggarane sin bruk av delingsordninga?
  • Er det mogeleg å sette i gang ein pilot t.d lokalisert til Ålesund rådhus for kontortilsette som har arbeidsgivarbetalt parkeringsplass, og der behovet for tenestekøyring ikkje inneber frakt av materiell i vesentleg omfang? Kor mange kan omfattast av ein slik pilot, kor mange bilar må til, og når kan piloten i så fall settast i gang?
  • Kva for spesifikke krav med tilknytning til sjølve ordninga må stillast til aktuelle firma i samband med utlysing av anbod på bildelingsordning?

Arbeidsgruppa bør orientere seg om løysingar som er etablert eller er under etablering i andre kommuner, og særskilt dei som er basert på at innbyggarar skal kunne nytte dei same bilane til privat bruk etter arbeidstid.

Ordninga skal administrerast av eit eigna eksternt firma etter anbod.

Mål

Målet med forslaget og ordninga er at:

  • Kommunen skal avvikle tradisjonelt eigarskap og leasing av ein del tenestebilar med fossilt drivstoff.
  • I ein framtidig bildelingspool skal det nyttast fossilfrie bilar, og desse skal inngå i ei delingsordning som innbyggarane skal ha tilgang til etter ordinær arbeidstid.
  • Flest mogeleg tilsette skal reise kollektivt, sykle eller gå til jobb.
  • Kommunen skal nytte færre parkeringsplassar i (parkeringshusa i) Ålesund sentrum.
  • Utgiftene til tenestekøyring skal relativt sett ned samanlikna med køyring i dagens kommunar.
  • Nye behov for mobilitet vil oppstå, men desse skal i størst mogeleg grad løysast med grønne og berekraftige ordningar.

Du finn meir informasjon i sakspapira til møtet.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.