Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Irene Kalstad Aase til ÅKE

irene kalstad aase Leiar for politisk sekretariat i nye Ålesund, Irene Kalstad Aase blir avdelingsleiar for utleige og stønad i Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) frå 1. januar.

Irene er i dag leiar for leiar for politisk sekretariat/bysekretær i Ålesund kommune, ei stilling ho har hatt sidan mars 2015.  

Irene Kalstad Aase er utdanna sosionom frå Høgskulen i Volda.  I tillegg har ho vidareutdanning i boligsosialt arbeid frå Høgskolen i Sør-Trøndelag og 1. avdeling juridicum frå Universitetet i Oslo.

Aase har vore tilsett i Ålesund kommune sidan 1998 med eit opphald på ca 2 år.  Ho har hatt ulike stillingar i kommunen, som sosialkurator, økonomikonsulent og som teamleiar bestillar/rådgivar.  I dei 2 åra ho ikkje var i kommunen, arbeidde ho hos namsmannen i Ålesund, Ålesund politistasjon.

- Eg ser med glede fram til at Irene tar til med sine oppgåver. Gjennom sin søknad og intervju har ho vist god kompetanse knytt til både leiarskap og fagleg forståing for det arbeidet som utleige/stønad har ansvaret for, seier dagleg leiar for det kommunale føretaket ÅKE, Bjørnar Helland.

Irene Kalstad Aase begynner i si nye stilling i ÅKE 1. januar.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.