Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Smarte Ålesund i Teknisk ukeblad

ill smartbyI den siste utgåva av Teknisk ukeblad figurerer Ålesund på forsida og i ein større reportasje inne i fagbladet. Tittelen på artikkelen er "Utvikler byen med offshoreteknologi" og den tar for seg utviklinga av den digitale tvillingen av kommunen.

I artikkelen kan du lese om den digitale tvillingen som er eit interaktivt simuleringsverktøy som gjer det mogleg å prøve ut forskjellige løysingar på skjermen før ein bestemmer seg for om denne løysinga er den luraste. Det er ein prototype av verktøyet som blir laga no, basert på Ålesund - og det er Offshore Simulation Centre som utviklar teknologien gjennom sitt selskap Augment City.

Prototypen bruker tilgjengelege data på nye måtar og koplar saman område som tilsynelatande har lite til felles for å kome opp med nye løysingar. For eksempel er det gjort forsøk med å halvere utrykningstida for for brannvesenet - ikkje ved å bygge nye vegar og tunnelar, men ved å utvide opningstida i barnehagane med 30 minutt slik at rushtida sprer seg over lengre tid og det blir lettare for brannbilen å kome seg gjennom eit langt og smalt sentrum. Eit anne prosjekt ein har sett på, er å halde søppelbilane unna sentrumsgatene i rushtida for å lette trafikken. Begge desse løysingane er billegare enn å utvide vegen - altså; dei er smartare og meir berekraftige.

Poenget med den digitale tvillingen og andre smarte løysingar er ikkje å bruke teknologi for teknologien sin del, men å bruke teknologien til det beste for innbyggarane og samfunnet.

Vil du vite meir om denne satsinga, kan du lesepdf artikkelen i Teknisk ukeblad som kom ut i august (PDF). Den står på sidene 30 - 33.

Du finn meir om smartbysatsinga og andre satsingar i nye Ålesund under Om nye Ålesund > satsing på nettsida.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.