Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Planar for prosjektet

Skispor 2Fremdriftsplan for kommunereformen, korleis kommunane skal ivareta arbeidsgivaransvaret og kartlegging av interkommunale samarbeid er på møteplanen når styringsgruppa for nye Ålesund møtast.

For å organisere arbeidet med kommunreformen i nye Ålesund kommune skal styringsgruppa sjå på ein overordna prosjektplan når gruppa samlast på Sandøy 7. februar. Det er også sett av tid til framdriftsplan og korleis prosjektet skal organiserast.

Til hjelp i arbeidet har Kommunal- og moderniseringsdepartementet utarbeida ein rettleiar - Å bygge en ny kommune - råd fra tidligere sammenslåinger.

25. - 26 januar var representantar frå nye Ålesund på seminar i regi av KS om kommunereformen. Seminaret handla om arbeidsgivaransvaret ved kommunesamanslåingar.

Alle ordførarene, rådmennene, personalsjefar og fleire tillitsvalde og hovudtillitsvalde var med på seminaret.Det blir ei kort oppsummering, og ansvarleg for personalspørsmål i kommunesamanslåinga, Roar Reiten, vil snakke om korleis ein tenker seg prosjektet i nye Ålesund.

Prosjektet med å danne nye Ålesund blir delt inn i fleire delprosjekt. Arbeidgivaransvar og personalspørsmål er eitt av dei, kommunikasjon med innbyggarar og tilsette ei anna og den siste som er på plass no er kartlegging av interkommunale samarbeid.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.