Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Tilrår Region Ålesund som ny kommune

Sjholt Verahornet Liafjellet Erlend HaddalFylkesmannen tilrår at Haram, Sula og Giske blir med Ålesund, Skodje og Sandøy i ein ny kommune. Dette svarer til Region Ålesund som allereie har eit tett samarbeid.

Ordfører i Ålesund Eva Vinje Aurdal er svært fornøgd med tilrådinga.

-    Fylkesmannen har gitt sine faglege råd. Grunngjevinga og argumenta er akkurat dei same som vi har lagt vekt på i Ålesund  - naturlege bu- og arbeidsmarknader.

Fylkesmann i Møre og Romsdal, Lodve Solholm, sa i sin presentasjon av tilrådinga at han har lagt vekt på befolkningsutvikling og alderssamansetting i den nye kommunestrukturen, i tillegg til å byggje bu- og arbeidsmarknader.

Solholm presenterte si tilråding på ein pressekonferanse i Molde mandag 3. oktober.

Region Ålesund på kort sikt

Fylkesmannen foreslår i fyrste omgang at dei 36 kommunane i fylket blir 16, og at Haram, Giske og Sula blir ein del av nye Ålesund. Ålesund, Skodje og Sandøy inngjekk i juni ein intensjonsavtale om å arbeide for ei samanslåing i nye Ålesund. Fylkesmannen foreslår å skilje småøyane i Sandøy får resten av Sandøy, slik at dei blir ein del av Romsdal.

-    Fylkesmannen la vekt på at kommunane må vere store nok og godt nok rusta til å gje innbyggarane gode tenester. Ålesund meiner at Region Ålesund blir ein kommune som står sterkare i arbeidet med å utvikle kompetente og gode tenester, og vil vere ein kommune som kan møte dei utfordringane vi har i dag og som vi veit vil kome i morgon.  Vi treng å møte framtida med å bygge ein ny og enda sterkare kommune i Ålesundregionen, seier Vinje Aurdal.

Større på sikt

På lengre sikt vil fylkesmannen ha sju kommunar i fylket. Då ønskjer han at også Ørskog, Norddal og Stordal blir med i nye Ålesund.

Fylkesmennene sitt oppdrag frå Regjeringa har vore å gjere ei sjølvstendig vurdering av kommunestyrevedtaka og leggje vekt på heilskapen i regionen og fylket.

Stortinget skal i løpet av neste vår seie ja eller nei til det kartet fylkesmennene har teikna. Men allereie no er arbeidet med å forme nye Ålesund i gang.

Tilrådinga til fylkesmannen

Les heile tilrådinga til fylkesmannen på fylkesmannen si nettside.

Fakta:
Stortinget ga i eit vedtak våren 2014 kommunane i oppdrag å starte arbeidet med ei kommunereform. Kommunane hadde frist på seg til 1. juli i år på å inngå intensjonsavtale om samanslåing. Fylkesmennene har hatt frist til 1. oktober til å kome med si tilråding. Kommunereforma er planlagt å tre i kraft 1. januar 2020.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.