Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nyealesund.no er lansert

Illustrasjonsfoto av nyealesund.noLurer du på kva som skjer med etableringa av nye Ålesund kommune? Då bør du følgje med på nyealesund.no.

Åpne prosessar

  • Nettsida blir ein viktig arena for innbyggarane, tilsette i kommunane, politikarar og media. Her kan alle sjå når vi har møte, og finne møtedokument og informasjon om arbeidsgrupper og prosjektet, seier Anne Bente Skjellum, kommunikasjonsleiar i prosjektet for å danne nye Ålesund kommune.

Nettsida omhandlar kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.Haram er med i prosessen etter innstillinga til Stortinget som seier at Haram skal vere med på tvers av lokalt vedtak. Haram har vald å vere med i det førebuande arbeidet inntil vidare. Stortinget fattar vedtak om Haram skal inn, 8. juni.

Nyealesund.no  er eit supplement til kommunane sine eigne nettsider, og får ei levetid på knappe tre år. Når den nye kommunen er etablert 1. januar 2020, vil ein permanent kommuneportal for nye Ålesund kommune vere på plass.

- Nettsida, som er utvikla av kommunikasjonsavdelinga i Ålesund kommune i samarbeid med kommunikasjonsansvarlege i alle dei deltakande kommunane, er eit av mange tiltak som skal sikre at arbeidet fram mot den nye kommunen blir lett å følge for alle, seier Skjellum. Involvering av tilsette og innbyggarar er eit sentralt element for å lykkast.

Kva finn du der?

nyealesund.no kan du følge det arbeidet i styringsgruppa og delprosjekta – du kan sjå både mandat, kven som er med og referat frå møta. Du kan også komme med eigne innspel

- Vi vil bruke nettstaden til nyheiter og til å formidle kva som kjenneteiknar nye Ålesund. Nyealesund.no er også intranettside for dei tilsette i den nye kommunen. Det er viktig for oss at alt om prosessen og arbeidet med den nye kommunen er tilgjengelig for alle som ønsker å følge med.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.