Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Felles informasjons- og drøftingsmøte

tillitsvalgteHovudtillitsvalde i kommunane som dannar nye Ålesund kommune var kalt inn til felles informasjons- og drøftingsmøte i Haram i april. På dagsordenen sto informasjon, kommunikasjonsstrategi, informasjonsbrev og medverknad i prosessen.

Personalsjefane/personalansvarlege  i dei fem kommunane samla dei hovudtillitsvalde for å gje
lik informasjon og for å drøfte saker i fellesskap i staden for å gjere dette i kvar kommune. Dei tillitsvalde som i dag tiltrer styringsgruppa var også med på møtet.

Informasjon

På møtet blei det gitt informasjon om samanslåingsposessen med særleg vekt på framdriftsplan, prosjektorganisering, kommunikasjon, verksemdsoverdraging og personalmessige forhold.
Prosjektkoordinator m./fl. har hatt informasjonsrundar for verksemdsleiarar, tilsette på rådhuset og kommunestyra i fleire av kommunane (varierer noko frå kommune til kommune).

Prosjektkoordinator Anne Berit Støyva Emblem presenterte prosjektet og prosessen med å etablere nye Ålesund kommune.

Kommunikasjonsansvarleg Anne Bente skjellum presenterte kommunikasjonsstrategien for prosjektet og tiltaksplanen. Det er viktig med likelydande informasjon til alle kommunane samstundes og i dette arbeidet er dei tillitsvalde viktige formidlarar ut til eigne medlemmar.

Demokratirådgjevar Mads Solberg snakka om demokratiutvikling og leiar for personal- og omstillingsgruppa, Roar Reiten, tok for seg informasjon om verksemdsoverdraging og personalmessige forhald.

Informasjonsbrev

I april blei det første informasjonsbrevet til alle tilsette i alle kommunane sendt ut. Innhaldet i brevet som gjekk ut blei drøfta på møtet og innspela blei innarbeidd. Nyheitsbrevet finn du på nyealesund.no under menypunktet For tilsette.

Medverknad

Det er ein suksessfaktor å få til god medverknad av dei tillitsvalde/hvo i heile prosessen. Det vart gjennomført ein innleiande drøftingsrunde om korleis utvikle  partssamarbeidet til beste for dei tilsette. Ein vil bygge vidare på dette i neste felles kontaktmøte.

Det var gruppearbeid om temaet og spørsmål som var oppe var blant andre:
-    Kva skal kriterium for medverknad eigentleg vere?
-    Kva er det behov for frikjøp til i medverknad i prosessen?
-    Tilstrekkeleg mynde frå dei tilsette til htv/hvo som deltek i prosessen.
-    Korleis skal dei htv/hvo i prosessen dele informasjonen vidare i tillitsvalds/verneteneste apparatet?.
-    Deltaking i delprosjekta.
-    Samansetjing og mandat til partssamansett utval vert teke opp i eit seinare møte.

Sjå fullstendig liste over det som blei diskutert på møtet i referatet.

Tilsettingsutvalet for rekruttering av rådmann

Dei hovudtillitsvalde/HVO valde hovudtillitsvald for Delta Hanne Tonning frå Ålesund til representant frå dei tillitsvalde til tilsettingsutvalet.

Les heile referatet frå møtet 21. april.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.