Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nye Ålesund kommune undersøker lokaldemokratiet

Demokratiet har plads til os alle. Foto: Lisa Risager, Flickr (CC) Korleis opplever innbyggjarane og dei folkevalde tilstanden til lokaldemokratiet i kommunane som er i gang med å danne nye Ålesund kommune? Vi tek del i ei undersøking.

Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund kommune er med i KS’ Lokaldemokratiundersøking 2017 for å lære meir. Dette er ei todelt undersøking som KS gjennomfører i fleire kommunar over heile landet i samarbeid med analysebyrået Opinion. Undersøkinga består av ein innbyggjardel og ein folkevald del.

Eit representativt utval av innbyggjarane i Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund har blitt kontakta på telefon i løpet av mai 2017 for å svare på korleis dei opplever lokaldemokratiet. Undersøkinga innehaldt 14 spørsmål.

Talet på kor mange som er blitt kontakta, er basert på folketalet i dei fem kommunane.

  • Ålesund – 400 spurde
  • Haram –  325 spurde
  • Sandøy – 250 spurde
  • Skodje –  325 spurde
  • Ørskog –  250 spurde

Dei folkevalde i kommunestyra i nye Ålesund skal svare på dei same spørsmåla, men skal i tillegg svare på 29 tilleggsspørsmål om deira eiga oppleving av lokaldemokratiet som faste politiske representantar. Dei folkevalde vil gi svara sine elektronisk undersøking under kommunestyremøta i dei fem kommunane i august.

Av dei fem kommunane som dannar nye Ålesund er det berre Skodje som har vore med på denne undersøkinga før (i 2010). Resultata frå tidligare undersøkingar er lagt ut på www.bedrekommune.no, og her vil også dei nye resultata bli publisert når dei er klare. Her vil det vere mogleg å samanlikne kommunar og sjå eigen utvikling over tid (gitt tidligare deltaking).

Intensjonsavtalen frå 2016 har eit mål om styrke nærdemokratiet og prøve ut nye former for medverknad. Deltakinga vil gi eit grunnlag for å identifisere og styrke dei delane av lokaldemokratiet som ikkje er tilfredsstillande. Undersøkinga vil også kunne gi eit viktig grunnlag for seinare undersøkingar av tilstanden til lokaldemokratiet i nye Ålesund. Dersom du er ein av dei utvalde som blir kontakta for undersøkinga, håper vi du takkar ja til å svare på spørsmåla. Dine innspel om eiga oppleving av lokaldemokratiet og moglegheitene for innbyggjarmedverknad er verdifulle i det vidare utviklingsarbeidet.

Mer informasjon

Dersom du har spørsmål om undersøkinga, eller innspel om lokaldemokratiet i nye Ålesund generelt, må du gjerne kontakte Mads Solberg, rådgjevar for demokratiutvikling på: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. / 408 65 639.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.