Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Samarbeid, demokrati og intensjonsavtale

Nye alesund mote7 styringsgruppe2

18. mai vart det 7. møtet i styringsgruppa for nye Ålesund kommune gjennomført på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg. På agendaen var interkommunale samarbeid, demokratiprosjekt og oppdatering av intensjonsavtalen.

 

Har kartlagt interkommunale samarbeid

På møtet den 18. mai vart rapporten «Hopehav – kartleggingsrapport om interkommunalt samarbeid og eigarskap» presentert av Tore Hals. Arbeidsgruppa har sidan 19.1.2017 arbeidd med kartlegginga og gruppa har bestått av ein administrativ representant frå kvar kommune, prosjektkoordinator Anne Berit Støyva Emblem og Tore Hals.

Rapporten er ei kartlegging av eksisterande samarbeid og ikkje ei vurdering av kva som bør halde fram og kva som bør bli avslutta. Det vart fatta vedtak av styringsgruppa å ta rapporten til orientering, slik den er lagt fram av arbeidsgruppa. Kartleggingsrapporten blir sendt over til fellesnemnda som grunnlag for vidare arbeid og til samarbeidskommunane til orientering.

Delprosjekt om politisk organisering, demokrati og medverknad Mads Solberg, demokratirådgjevar i nye Ålesund kommune, orienterte styringsgruppa om framgangen i arbeidet med delprosjekt om politisk organisering, demokrati og medverknad. Kvar kommune skal delta i prosjektet med to politiske, og ein administrativ representant. Styringsgruppa har vedtatt å delta i to relevante nasjonale prosjekt om innbyggjarinvolvering: KMD-prosjektet «Fornyelse av lokaldemokratiet i kommunar med vedtak om samanslåing», samt KS «Lokaldemokratiundersøkelse 2017».

Det blei gitt ei orientering om status i desse. Allereie 12. og 13. juni er oppstartskonferansen for KMD-prosjektet «Levande lokaldemokrati».  Solberg gav også ei orientering om korleis KS Lokaldemokratiundersøkelse 2017 er organisert. Opinion og Norstat utfører telefonintervju blant innbyggjarane på vegne av KS. Intervju av dei folkevalde gjennomførast i kvar av kommunestyremøta i august.

Intensjonsavtalen ferdigstilt

Intensjonsavtalen som ligg til grunn for etablering av nye Ålesund kommune er inngått 15.6.16 mellom Ålesund, Sandøy og Skodje. Styringsgruppa starta eit oppdateringsarbeid  av intensjonsavtalen 20. april. Bakgrunn for oppdatering er at det berre er  ordførarane i Ålesund, Sandøy og Skodje som har signert gjeldande intensjonsavtale.

Hausten 2016 vedtok Ørskog å inngå i den nye kommunen, og i juni 2017 kjem Stortinget til å vedta at Haram også skal inngå. Det er behov for ei intensjonsavtale der alle fem kommunane har signert. Intensjonsavtalen frå juni 2016 er eitt år gammal, og noko tekst og tal kan med fordel oppdaterast i samsvar med utvikling og nye opplysningar siste året. Hensikta med oppdateringa er at avtalen som ligg til grunn for fellesnemnda sitt arbeid, inneheld minst mogleg utdatert eller uklar tekst og er signert alle ordførarane.

Dialogprosess i kvar kommune

Kvar ordførar har lagt opp ein dialogprosess i eigen kommune før 18. mai for å få fram merknader før sluttbehandling, ikkje etter. Styringsgruppa ferdigstilte oppdateringsarbeidet i møtet 18. mai. Dei fem kommunestyra har fått tilsendt endeleg oppdatert utgåve til vedtak. Målet er at alle ordførarane signerer ei oppdatert utgåve i juni 2017. 

Det er viktig at dei fem kommunestyra har hatt tilstrekkeleg tid til å ha dialog om/diskutere sakene, og er omforeinte om framlegg til vedtak innan felles kommunestyremøte 21.juni 2017. Rådmann Synnøve Vasstrand Synnes presenterte innhaldet i saksframlegga og kvar ordførar fortalte om prosessen i sin kommune. Felles kommunestyremøte 21. juni Stortinget fattar vedtak om nye Ålesund kommune 8.6.17 ut i frå Prop. 96 S (2016 – 2017) Endringer i kommunestrukturen. Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil kalle inn dei fem kommunane til felles kommunestyremøte 21. juni for å drøfte § 25 i inndelingslova (jf. punkt under).

Det skal ikkje treffast vedtak i felles kommunestyremøte, møtet er av prosessleiande karakter. I forlenging av fellesmøtet (same dag), vert det gjennomført separate kommunestyremøter der kvart kommunestyre formelt handsamar drøftingssakene.

Sakene gjeld:

1. Forslag til namn på den nye kommunen.
2. Talet på medlemmer i det nye kommunestyret.
3. Kriterium for samansetjing av og funksjonar til fellesnemnd etter § 26 i inndelingslova.
4. Val av revisor for verksemda i fellesnemnda.
5. Oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga.

Prosjektorganisering og delprosjekt

Koordinator Anne Berit Støyva Emblem presenterte felles mal for mandat til delprosjekta, og styringsgruppa ga innspel til denne. Malen vert sendt kvart delprosjekt der gruppene blir bedt om å foreslå mandattekst innanfor malen. Mandata vert endeleg vedtekne av fellesnemnda i august. Delprosjekta skal deretter utarbeide prosjektskisse for korleis dei vil løyse mandatet.

Mandata til dei ulike delprosjekta skal vere forankra i det overordna prosjektstyringsdokumentet «Slik bygger vi nye Ålesund». Tekst i oppdatert intensjonsavtale vert no innarbeidd i overordna styringsdokument som igjen legg føringar for delprosjekta.

Meir informasjon

Referat frå møtetoppdatert intensjonsavtale og presentasjon om kartleggingsrapport for interkommunale samarbeid er tilgjengeleg på nettsida.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.