Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Lokaldemokratiet styrkast

mads solbergMads Solberg har takka ja til prosjektstillinga for å utvikle nærdemokratiet i nye Ålesund kommune.

Målet er å ha eit levande lokaldemokrati og sikre medverknad for lokalpolitikarane og innbyggarane i alle delar av den nye kommunen.

Kommunane som dannar nye Ålesund har klare mål om å utvikle modellar som sikrar brei og reell involvering, medverknad og samarbeid i ein ny kommune. Nye Ålesund kommune har difor tilbydd Mads Solberg stillinga som prosjektmedarbeidar for demokratiutvikling. Stillinga har i utgangspunktet eitt års varigheit, med mogleg forlenging.

Solberg skal gjennomføre prosjektet Innbyggarinvolvering i nye Ålesund kommune, definere styrkar og svakheiter med medvirkningsordingane slik som dei er i dag og samarbeide med aktuelle aktørar for å få innspel til og prøve ut ulike alternative demokratiske modellar.

Solberg får også ei viktig rolle når det gjeld god og kontinuerleg informasjon til innbyggarar og andre om arbeidet med utvikling av lokaldemokrati i den nye kommunen.

Mads Solberg (32) er ålesundar. Han er forskar/doktorgradstipendiat ved Universitetet i Bergen  og ferdigstiller i mars ein samfunnsvitskapeleg doktorgrad som omhandlar teknologiutvikling og kunnskapsoverføring i eit marint innovasjonsmiljø. Solberg har tverrfageleg bakgrunn. I mastergraden sin har Solberg spesialisering i antropologi. I bacheloren har han bakgrunn frå antropologi, kognitiv vitskap, og religionsvitskap. Som antropolog er han kjend med ein rekke samfunnsmodellar og er særskilt opptatt av å identifisere styrkar og svakheiter ved ulike organisasjonsformer for politisk aktivitet. Han har i tillegg erfaring frå offentleg forvaltning som informasjonsmedarbeidar og rådgjevar.

Solberg tiltrer i stillinga 1. april og vil vere ein del av prosjektorganisasjonen som arbeider med å danne nye Ålesund.

Fylkesmannen har løyvd prosjektmiddel til revitalisering og utvikling av lokaldemokrati og e-demokrati der medverknad for innbyggarar og næringsliv står sentralt.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.