Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Stortinget gjer vedtak om kommunesamanslåing

Stortinget. Foto: StortingetFølg sendinga direkte 8. juni klokka 10.00 på Stortinget sitt nett-TV.

Stortinget sitt møte 8. juni startar med behandlinga av endringar i kommunestrukturen.

Det er mogleg å følgje sendinga direkte på Stortinget sitt nett-TV.

I innstillinga frå Kommunal- og forvaltningskomiteen gjekk eit fleirtal (Høgre, Framstegspartiet og Venstre) inn for å slå saman Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund til ein ny kommune. Mindretalet frå Arbeidarpartiet og KrF gjekk for at Haram skal fortsette som eigen kommune.

Komiteen byggjer si innstilling på proposisjonen som er ei tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet som blei godkjent 5. april i år.

Proposisjonen som gir forslag til kommunesamanslåingar, er i tråd med avtalen om kommunereformen som blei inngått 22. februar i år mellom regjeringspartia og samarbeidspartia på Stortinget.

Fleirtalet i komiteen (Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre) viser til at kommunereformen kjem som eit resultat av at fleire parti våren 2013 peika på eit behov for ein slik reform. Medlemmane frå Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at dei er for endringar i kommunestrukturen og støtter dei frivillige samanslåingane.

Tilråding

I proposisjonen blir det vist til at fire av dei fem kommunane er einige om å slå seg saman og har i sine vedtak opna for at fleire kommunar kan vere med i samanslåinga. Proposisjonen, som er bygd på Fylkesmannen si tilråding, viser til at ei samanslåing av dei fire kommunane Ålesund, Skodje, Ørskog og Sandøy vil gje ein kommune som henger dårleg saman geografisk, med Haram liggande mellom Sandøy og resten av den nye kommunen.

Haram har vedtatt at kommunen ønsker å slå seg saman med Sandøy. Fylkesmannen meiner at Sandøy og Haram bør tilhøyre same framtidige kommune. Fylkesmannen meiner vidare at ein stor kommune rundt Ålesund er det som svarer best på måla for reformen, og at fleire enn dei fire som er einige, bør inngå i denne. Departementet deler denne vurderinga. Fylkesmannen meiner at den nye kommunen også bør ha med Giske og Sula.

Departementet peiker på at Haram er del av bu- og arbeidsregionen rundt Ålesund, og Ålesund er den viktigaste inn- og utpendlingskommunen for Haram. Kommunen si eigen utredning viser at det berre er sammenslåing med Ålesund og fleire kommunar som vil tilfredsstille måla for reformen. Utredninga viser også at Haram orienterer seg mot Ålesundregionen i alt sitt samarbeid.

Proposisjonen viser til at utredninga frå Haram viser at kommunen leverer gode tenester i dag, men at å fortsette som eigen kommune vil gje betydelege omstillingsutfordringar både på kort og lengre sikt. Kommunen er samla sett involvert i meir enn 40 formaliserte interkommunale samarbeid, noko som er utfordrande og svært tidkrevande med hensyn til å halde oversikt og sikre  innverknad på ordningane. Å fortsette som eigen kommune vil etter departementet si meining gje behov for auka interkommunalt samarbeid om framtidig oppgaveløsning.

Kvifor ei kommunereform?

Det er fleire felles tema og moment som går igjen i dei ulike Fylkesmennene sine tilrådingar. I proposisjonen kjem dei viktigaste fram.

  • Interkommunalt samarbeid
    Fylkesmennene trekker fram at interkommunale samarbeid har økt over tid, og at dette for mange kommunar er naudsynt for å levere tenester til innbyggarane. Samtidig peiker dei på at interkommunale samarbeid kan gje nokre styringsmessige og demokratiske utfordringar.
  • Samarbeida synliggjer moligheitene for større kommunar
    Fleire av Fylkesmennene trekker fram at dei interkommunale samarbeida har danna grunnlaget for dei sammenslåingane dei foreslår. Det er ikkje Fylkesmennene sjølve som er komne fram til dei aktuelle sammenslåingsalternativa, men kommunane i form av kva for kommunar dei i hovudsak velgjer å samarbeide med.
  • Sterke kommunar i heile landet
    Fylkesmennene sine tilrådingar bærer preg av at Fylkesmennene er opptatte av utviklinga i eiga fylke, og at deira fylke skal bli slagkraftig regionalt og nasjonalt. Fylkesmennene argumenterer for at sammenslåingar bidrar til å gjere kommunane sterkare slik at dei kan tiltrekke seg innbyggarar, skape og behalde arbeidsplassar og arbeidskraft og gje ei god utvikling i alle delar av fylket.
  • Behov for vidare arbeid
    Fleire Fylkesmenn trekker fram at reformprosessen har gitt Fylkesmennene ei djupare innsikt i kommunane sine styrker og svakheiter og ført til meir dialog og samarbeid mellom kommunane. Samtidig meiner enkelte Fylkesmen at samtalene berre så vidt har komne i gang, og at det difor er behov for å la prosessane fortsette.

Her innstillinga frå Kommunal- og forvaltningskomiteen.

153 kommunar har fatta positive vedtak om samanslåing. Av desse har 94 kommunar gjensidige positive vedtak. Det vil si at kommunane sjølv er blitt einige om å slå seg saman.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.