Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Stortinget stemte Haram inn i nye Ålesund

stortinget crop- Dette vedtaket er vi glade for, seier leiar i styringsgruppa for nye Ålesund og ordførar i gamle Ålesund, Eva Vinje Aurdal.

 - Haram er ein viktig brikke i nye Ålesund og tilfører den nye kommunen vesentleg tyngde og kraft gjennom næringslivet sitt, geografien og den posisjonen  kommunen har  i regionen

Stortinget gjorde sitt styringsvedtak etter ein lang debatt om kommunereform i dag, torsdag 8. juni. Vedtaket blei gjort med 86 stemmer (H, FrP og V) mot  83 stemmer (Ap, KrF, SV, Sp, MDG).

Vinje Aurdal understrekar at styringsgruppa for nye Ålesund har forståing for at vedtaket i Stortinget i dag, er kontroversielt i Haram.

-    Vi håpar innbyggarane i Haram på sikt ønsker å bli ein del av nye Ålesund og at vi kan fortsette den gode dialogen som er starta med Haram kommune.

19. mai i fjor hadde Haram folkerøysting om kommunereformen.  I røystinga var det 29 % som ønskte at Haram skulle halde fram som eigen kommune, 51, 9 % av dei røystande ville at Haram skulle slå seg saman med Sandøy – noko Sandøy sa nei til, og 19,1 % ville at Haram skulle gå saman med ni andre kommunar, som då danna Regionkommune Ålesund. Det var 37, 6 % av innbyggarane i Haram som stemte ved folkerøystinga.

Stortinget sitt styringsvedtak er basert på innstillinga frå Kommunal- og forvaltningskomiteen der eit fleirtal gjekk inn for å slå saman Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund til ein ny kommune på tvers av det lokale vedtaket i Haram.

Komiteen bygde si innstilling på proposisjonen som er ei tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet som blei godkjent 5. april i år.

Fylkesmannen si tilråding, viser til at ei samanslåing av dei fire kommunane Ålesund, Skodje, Ørskog og Sandøy vil gje ein kommune som henger dårleg saman geografisk, med Haram mellom Sandøy og resten av den nye kommunen.

Om det blir regjeringsskifte ved valet 11. september, så er det opna for at dei kommunane som har fått Stortingsvedtak som går mot lokale vedtak, kan søke om å gå tilbake til den opprinnelege kommunen.

-    Vi respekterer sjølvsagt om Haram landar på at dei vil søke om å stå aleine, men vi håpar Haram vil fortsette arbeidet for ein nye kommune, seier Vinje Aurdal.

-    Vi ønsker å ha med Haram vidare på laget, avsluttar ho, dei er viktige for å bygge den nye kommunen.

Sjå innstillinga frå Kommunal- og forvaltningskomiteen.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.