Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Fylkesmannen inviterer til historisk møte

NMK. Foto: NMK133 politiske representantar frå dei fem kommunane som skal danne nye Ålesund samlast til felles kommunestyremøte 21. juni i gamle Ålesund.

Det er Fylkesmannen som kallar inn dei fem kommunane til felles kommunestyremøte. Eit felles kommunestyremøte er nødvendig fordi Stortinget 8. juni vedtok at Haram går inn i nye Ålesund på tvers av lokalt vedtak. Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund har frivillige vedtak.

Det felles kommunestyret blir halde på NMK (Norsk Maritimt kompetansesenter) i gamle Ålesund, 21. juni klokka 15. – 22.00.

Program

15.00 – 17.00: Felles kommunestyremøte med drøftingar. Kommunane sit kommunevis. Det skal ikkje treffast vedtak i det felles kommunestyremøte, møtet er av prosessleiande karakter.

17.00 – 19.00: I forlenging av fellesmøtet blir det gjennomført separate kommunestyremøte der kvart kommunestyre formelt handsamar drøftingssakene. Alle blir sittande i salen under begge møta til alle kommunestyra er ferdige.

19.00 – 22.00: Sosial markering med servering, kulturelle innslag og talar.

Følg møtet

Møtet er eit politisk møte, så det vil vere mogleg å vere til stades. Møtet blir også overført direkte på nettsida nyealesund.no og andre nettstader. Meir informasjon vil kome nærmare møtet.

Saker

Saker som må drøftas på det felles kommunestyremøtet:

  • Forslag til namn på den nye kommunen
  • Talet på medlemmer i det nye kommunestyret
  • Kriterium for samansetting av og funksjonar til fellesnemnd etter § 26 i inndelingslova
  • Val av revisor for verksemda i fellesnemnda
  • Opprettinga av eventuelt andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga

 pdfInnkalling frå Fylkesmannen til felles kommunestyremøte for nye Ålesund 21. juni 2017. 

pdfSaksframlegg frå Fylkesmannen til det felles kommuenstyremøtet for nye Ålesund 21. juni 2017.

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.