Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Signering av intensjonsavtalen

ØrskogPå styringsgruppemøtet til nye Ålesund 19. juni vil ordførarane signere den endelege intensjonsavtalen. Dette er det siste styringsgruppemøte før fellesnemnda trer i kraft.

Styringsgruppemøtet blir halde på Ørskog rådhus klokka 09.00 - 15.00, måndag 19. juni. Dette er det siste møtet til styringsgruppa. Stortinget gjorde sitt vedtak 8. juni om endringar i kommunestrukturen i Noreg. Då skal det setjast ned ei fellesnemnd for nye Ålesund med fem representantar frå kvar kommune.

Intensjonsavtalen

Den opprinnelege intensjonsavtalen som ligg til grunn for etablering av nye Ålesund kommune blei inngått 15. juni 2016 mellom Ålesund, Sandøy og Skodje. Ein del av oppdateringa har vore å fjerne utdatert eller uklar tekst. Ørskog og Haram er komne til i den nye kommunen. Haram var med i forhandlingane fram mot signering av den opprinnelege avtalen. Intensjonsavtalen skal ligge til grunn for fellesnemnda sitt arbeid og ordførarane signerer avtalen på møtet i Ørskog.

pdf Oppdatert intensjonsavtale.

Felles kommunestyremøte

Styringsgruppa skal gå gjennom planene for det felles kommunestyremøtet 21. juni på NMK i gamle Ålesund.

133 politiske representantar frå dei fem kommunane som skal danne nye Ålesund er kalla inn til felles kommunestyremøte av Fylkesmannen. Eit felles kommunestyremøte er nødvendig fordi Stortinget 8. juni vedtok at Haram går inn i nye Ålesund på tvers av lokalt vedtak. Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund har frivillige vedtak.

Les meir:

Møtet er eit politisk møte, så det vil vere mogleg å vere til stades. Møtet blir også overført direkte på nettsida nyealesund.no og andre nettstader. Meir informasjon vil kome nærmare møtet.

Mandat fellesnemnd

Styringsgruppemøtet på Ørskog skal gå gjennom mandatet til fellesnemnda som skal leggjast fram på det felles kommunestyremøtet 21. juni og vedtakast i dei einskilde kommunestyra same dag. Fellesnemnda har mandat og oppgåver forankra i § 26 i inndelingslova. l tillegg får dei det formelle ansvaret med å førebu den nye kommunen i samsvar med føringane i intensjonsavtalen. Nemnda disponerer blant anna eingongsstønaden frå staten i samband med kommunereforma, og skal tilsette rådmann/prosjektleiar for den nye kommunen.

Les meir:

Rådmann

Tilsettingsutvalet er i gang med arbeidet med å tilsette rådmann/prosjektleiar for nye Ålesund kommune. Styringsgruppa skal sjå på framlegg til tidsplan som antydar at ny rådmann kan tilsettast av fellesnemnda i oktober.

Du kan lese alle sakspapira til møtet 19. juni på nettsida nyealesund.no under dokument.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.