Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Facebookside for alle i nye Ålesund kommune

tilsette i nye ålesundDet er oppretta ei open side på Facebook som heiter Tilsette i nye Ålesund. Som tittelen tilseier, så er sida mest for tilsette, men andre kan også sjå det som blir publisert og publisere der.

Sida er tenkt som eit mogleg diskusjonsforum, ein stad der tilsette og andre kan stille spørsmål og der det blir delt informasjon om arbeidet med den nye kommunen. Det er også mogleg å sende spørsmål som melding og ikkje legge spørsmål direkte på veggen.

Det er viktig å vere merksam på at sida også er tilgjengeleg for dei som ikkje er tilsette i nye Ålesund kommune. Styringsgruppa har heile tida vore tydeleg på at prosessen med å arbeide fram ein ny kommune skal vere open og transparent. Det står også i intensjonsavtalen. Ei slik side er ein del av dette målet.

Det er framleis nyealesund.no som er hovudkanalen for informasjon til tilsette og ingen informasjon blir lagt eksklusivt på facebook.

Det er kommunikasjonsansvarleg i nye Ålesund kommune som administrerer Tilsette i nye Ålesund kommune.

Det er fint om tilsette som er på Facebook følger/trykker «liker» på sida og bruker den aktivt.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.