Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Arbeidet med å finne rådmann er i gang

talje crop shutterstock 226297771Rekrutteringsfirmaet Amrop Delphi har fått tilslaget om å finne rådmann til nye Ålesund kommune.

Tilsettinga av rådmann i nye Ålesund skjer etter planen i fellesnemnda sitt møte 5. oktober.

Tre av fem tilbydarar har presentert sine løysingsforslag for rekrutteringsprossen. Alle viste god fagleg kvalitet, god forståing av oppdraget og hadde relevant erfaring. Rekrutteringsfirmaet Amrop Delhpi blei vald etter ei totalvurdering over nnhald og kvalitet i tilbodet.

Jobben

Amrop Delphi skal bistå i utforminga av stillingsannonse og –profil for den nye rådmannen, og finne og oppfordre gode kandidatar til å søke stillinga. Amrop Delphi mottar søknadane og gjennomfører intervju i samarbeid med tilsettingsutvalet. Det er ordførarene i dei fem kommunane som utgjer utvalet saman med ein tillitsvald som representerer dei tilsette i kommunane.

Rekrutteringsfirmaet skal òg ha samtalar med dei som er rådmenn i dei fem kommunane no.

Vegen vidare

Fagforeiningane i nye Ålesund kommune kom med sine innspel til prosessen 15. juni.

Utlysinga av stillinga startar 22. juni.

Søknadsfristen er 15. august.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund