Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Følg det felles kommunestyremøtet direkte!

NMK med tekstDu kan følge de historiske møtet for nye Ålesund ved å klikke på lenka i denne saken eller å gå inn på Facebooksida Tilsette i nye Ålesund kommune.

133 politiske representantar frå dei fem kommunane som skal danne nye Ålesund samlast til felles kommunestyremøte 21. juni i gamle Ålesund. Du kan følge møtet direkte frå klokka 15.00 til ca klokka 19.00. Møtet blir halde på NMK (Norsk maritimt kompetansesenter).

Det er Fylkesmannen som har kalla inn dei fem kommunane i nye Ålesund til felles kommunestyremøte. Stortinget vedtok 8. juni at Haram går inn i nye Ålesund på tvers av lokalt vedtak. Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund har frivillige vedtak.

Følg møtet

 

Det er også mogleg å følge møtet på Facebooksida Tilsette i nye Ålesund kommune.

Bilder frå møtet kan du sjå og laste ned fra vår Flickr-side.

Parkering

Om du ønsker å vere til stade på møtet, så er det nokre få parkeringsplassar tilgjengelege. Vi kan ikkje love plassar til alle. Det er mogleg å parkere sør for NMK og sør for Fagerlia videregående skole. Bommane vil vere opne under møtet. (Artikkelen fortset under biletet)

Parkering i Fagerlia

Program

15.00 – 17.00: Felles kommunestyremøte med drøftingar. Det skal ikkje treffast vedtak i det felles kommunestyremøte, møtet er av prosessleiande karakter.

17.00 – 19.00: I forlenging av fellesmøtet blir det gjennomført separate kommunestyremøte der kvart kommunestyre formelt handsamar drøftingssakene. Alle blir sittande i salen under begge møta til alle kommunestyra er ferdige.

Rekkefølga på dei separate møta er:

  • Ålesund
  • Ørskog
  • Skodje
  • Sandøy
  • Haram

Saker

Saker som må drøftast på det felles kommunestyremøtet:

  • Forslag til namn på den nye kommunen
  • Talet på medlemmer i det nye kommunestyret
  • Kriterium for samansetting av og funksjonar til fellesnemnd etter § 26 i inndelingslova
  • Val av revisor for verksemda i fellesnemnda
  • Opprettinga av eventuelt andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga

pdfDetaljert program.

Dei separate kommunestyremøta skal gjere vedtak i dei same sakene.

pdfInnkalling frå Fylkesmannen til felles kommunestyremøte for nye Ålesund 21. juni 2017

pdfSaksframlegg frå Fylkesmannen til det felles kommunetyremøtet for nye Ålesund.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.