Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Stor einigheit på felles kommunestyremøtet

felles kommunestyremøte 210617Dei fem kommunestyra i nye Ålesund blei einige om 77 kommunestyrerepresentantar i den nye kommunen.

Dei fem kommunane i nye Ålesund møttast til felles kommunestyremøte og separate kommunestyremøte 21. juni på NMK i gamle Ålesund.

Det var Fylkesmannen som kalla inn dei fem kommunane til felles kommunestyremøte. Stortinget vedtok 8. juni at Haram går inn i nye Ålesund på tvers av lokalt vedtak. Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund har frivillige vedtak. På grunn av at Haram ikkje er med frivillig, så måtte det haldast eit felles kommunestyremøte. Dette er eit drøftingsmøte som ikkje gjorde vedtak. Vedtaka kom i separate kommunestyremøte i etterkant av fellesmøtet.

Saksliste

Kommunestyra i Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skulle behandle dsse fem sakene etter at dei same sakene var drøfta i det felles møtet:

  • Namn på den nye kommunen
  • Talet på medlemmer i det nye kommunestyret
  • Mandat for fellesnemnda
  • Oppretting av andre fellesorgan

Forslaget om at den nye kommunen skal heite Ålesund blei einstemmig vedtatt av alle fem kommunane.

Kommunestyremedlemmer

Talet på  medlemmer i kommunestyret blir 77. Alternativet var 65.

  • Ålesund gjekk inn for 77 medlemmer mot 12 stemmer.
  • Ørskog gjekk for 77 medlemmer mot 7 stemmer.
  • Skodje gjekk einstemmig inn for 77 medlemmer.
  • Sandøy gjekk einstemmig inn for 77 medlemmer.
  • Haram vedtok einstemmig at kommunestyret i nye Ålesund skal ha  77 medlemmer.

Dei andre sakene

Mandatet for fellesnemnda blei einstemmig vedtatt av alle kommunane.

Val av revisor for verksemda i fellesnemnda blei einstemmig vedtatt å bli Sunnmøres kommunerevisjonsdistrikt nummer 3.

Kommunestyra vedtok einsstemmig å opprette partsammensett utval og arbeidsutval i arbeidet med å danne nye Ålesund kommune.

Bilete og video

Her kan du sjå bilete frå det felles kommunestyremøtet.

Om du ikkje fekk følge direktesendinga frå det felles kommunestyremøtet og dei separate kommunestyremøta i etterkant, så kan du sjå opptak som ligg på nye Ålesund sin youtubekanal.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.