Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Fellesnemnda møtast for fyrste gong

Biletet er frå det felles kommunestyremøtet i juni.
24. august er fyrste møte i fellesnemnda for nye Ålesund kommune og blant sakane er konstituering, val av skybasert prosjektstyringsverktøy og risikoanalyse.

 


Møtet startar kl. 12.00 og er denne gongen i bystyresalen på Ålesund rådhus. Møtet vert sendt direkte via web-tv. Dette er blant sakane som skal diskuterast:

Val av leiar og nestleiar

Fellesnemnda skal velje leiar og nestleiar blant sine medlemmer. (Inndelingslova §26). Leiar og nestleiar skal fungere fram til det nye kommunestyret, som blir vald ved kommunestyrevalet 2019. Kommunelova sine reglar skal følgjast og val av leiar og nestleiar for folkevalde organ vert halde som fleirtalsval. Dersom ingen får fleirtal haldast ny røysting, ved likt røystetal vert val avgjort ved loddtrening.

Oppretting av partssamansatt utval

I det felles kommunestyremøtet 21. juni vart det vedtatt at det skulle opprettast eit partssamansett utval for samanslåingsprosessen med representantar frå tilsette og arbeidsgjevar frå kvar kommune. Arbeidsgjevar sine representantar i utvalet skal veljast blant fellesnemnda sine medlemmar. Tilsettrepresentantant vert vald av tillitsvalde i kommunane. Ein representant for vernetenesta i kommunane møter med tale- og forlagsrett. Sjå i sakspapira kven som vart foreslått som medlem.  


Val av skybasert prosjektstyringsverktøy

Det er naudsynt for prosjektorganisasjonen til nye Ålesund kommune å ta i bruk eit prosjektstyringsverktøy for å få oversikt over prosjektet. Allereie no er det 15 delprosjekt som er i gang. Ved hjelp av  IT har ein komen fram til at Prosjektportalen kan nyttast. Det er ein gratis portal, som er utvikla i open kildekode basert på ei investering frå Asker kommune i samråd med ein rekkje andre offentlege aktørar. Prosjektportalen er basert på programvara Microsoft Sharepoint.

Arbeidsutvalet gjorde slikt vedtak 16. august:
Arbeidsutvalet vil rå Fellesnemnda til å vedta at prosjektorganisasjonen for nye Ålesund tek i bruk Prosjektportalen som prosjektstyringsverktøy slik det framgår av saksutgreiinga. Kostnadane ved kjøp av lisensar til nødvendige brukarar i prosjektorganisasjonen dekkast av prosjektbudsjettet til nye Ålesund.

Overordna risikoanalyse

Det har vore utarbeidd ein overordna ROS-analyse med tiltaksplan i juni 2017, frå styringsgruppemøte 19. juni, og handsama av ei administrativ gruppe i etterkant. Analysa tek utgangspunkt i visjon og mål for bygging av nye Ålesund og omstillingsarbeidet.

Målsettinga med å gjennomføre ei ROS-analyse er å «vere føre var» og kunne sette i verk tiltak for å forhindre at tenkte hendingar inntreff. Arbeidsutvalet vil rå Fellesnemnda til å ta tiltaksplanen til orientering. Det skal gjennomførast ny risikoanalyse ved årsskiftet.

Godtgjerdsle for politisk arbeid i fellesnemnda

Arbeidsutvalet foreslår å utsette denne saka og at fellesnemnda vedtek å sette ned ei referansegruppe med eit medlem frå kvar kommune som ikke er heiltidspolitikar. Rådmann i Ørskog Synnøve Vasstrand Synnes vert sekretær for gruppa, og det skal leggast fram nye alternativ i saka før den skal opp til behandling.

Overordna styringsdokument

Ny versjon av overordna styringsdokument «Slik bygger vi nye Ålesund kommune 2020. Overordna styringsdokument for kommunesamanslåing mellom Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.»

Dokumentet skal vere eit levande dokumentet som skal leggast fram for fellesnemnda til godkjenning ettersom fusjons- og utviklingsprosessen går inn i nye fasar - og ny og vesentleg informasjon føreligg. Styringsdokumentet skal fungere som eit basisdokument for korleis vi bygger nye Ålesund, og dannar «kontrakta» mellom fellesnemnda og prosjektleiinga. Dokumentet skal:

  • Peike ut retning gjennom visjon, mål og verdiar for prosjektperioden
  • Gje oversikt over prosjektet i omfang og oppbygging
  • Tydeleggjere roller og ansvar i prosjektet
  • Gje oversikt over fasar i prosjektet og tiltak i dei ulike fasane.

Delprosjekt og frikjøp for tillitvalde

Fellesnemnda skal også behandle mandat for delprosjekt og fri og frikjøp for tilllitsvalde. Sjå saksgrunnlaget i møtedokumenta.

Kven sit i fellesnemnda?

Deltakarar frå dei ulike kommunane i fellesnemnda finn du oversikt over på nettstaden til nye Ålesund kommune.

Meir informasjon:

Mange av desse sakene var oppe til Arbeidsutvalets møte 16. august. Referat fra møtet er tilgjengeleg på nettstaden til nye Ålesund kommune. Møtet blir overført via web-tv. Mer informasjon og lenke kjem før møtet.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.