Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Dei første avgjerdene i fellesnemnda

første fellesnemndmøte i Ålesund, 24. august 2017Fellesnemnda hadde sitt første møte 24. august. Fellesnemnda valde medlemmar til det partsammensette utvalet, prosjektstyringsverktøy og overordna styringsdokument.

Fellesnemnda starta med å konstituere seg. Leiar blei Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund og nestleiar Dag Olav Tennfjord, ordførar i Skodje. Det er den same leiinga som var i styringsgruppa. Styringsgruppa blei erstatta av fellesnemnda etter Stortinget sitt vedtak om kommunestruktur i juni.

Geir Petter Aure frå Ørskog reagerte på at fellesnemnda sitt møte var sett opp partivis sidan representantane i fellesnemnda representerer kvar sin kommune. Han meiner partipolitikk er underordna i prosjektet. Leiar Aurdal redegjorde for bakgrunnen. Saken var diskutert i arbeidsutvalet, som er ordførarane og rådmennene, og det er argument både for og i mot. Utgangspunktet for det partivise oppsettet var at fellesnemnda fungerer som kommunestyre for prosjektet og oppsettet tok utgangspunkt i det som er vanleg i kommunestyra. Vebjørn Krogsæter, ordførar i Haram, fremma utsettingsforslag slik at kommunane kan diskutere saken i eigne kommunestyre før det blir tatt ei avgjerd.

Vedtak: Saka blei utsett til neste møte, mot tre stemmer.

Partssamansett utval

Det er etablert eit partsamansett utval for samanslåingsprosessen etter Inndelingslova §26, 2.ledd,med representantar frå tilsette og arbeidsgjevar frå kvar av kommunane. Arbeidsgjevar sine representantar i partsamansett utval for samanslåingsprosessen skal veljast blant fellesnemnda sine medlemmar, og skal utgjere eit fleirtal av medlemmane i utvalet.

Fellesnemnda vedtok at desse politikarane skal sitje i utvalet:
Haram:

  • Vebjørn Krogsæter med vara Emil Korsnes
  • Randi W. Frisvoll med vara Ewa Hildre

Sandøy:

  • Oddvar Myklebust med vara Åse Kristin Ask Bakke

Skodje:

  • Dag Olav Tennfjord med vara Geir Ove Leite

Ørskog:

  • Knut Helge Harstad med vara Geir Petter Aure

Ålesund:

  • Eva Vinje Aurdal med vara Øystein Tvedt
  • Tore Johan Øvstebø med vara Geir Steinseth

Dei andre medlemmene i det partssamansette utvalet er:

  • Endre Hellandsvik - Haram/UDF med vara Randi Alvestad - Haram/Fagforbundet
  • Laila Alvestad - Sandøy/Fagforbundet med vara Linn Jenny Morsund - Sandøy/NSF
  • Ramona Arnesen Pilskog - Skodje/Delta med vara Geir Lorentzen - Skodje/UDF
  • Geir Skodje - Ørskog/UDF med vara Michael Werner - Ørskog/Fagforbundet
  • Frode Nordstrand - Ålesund/Fagforbundet og Hanne Tonning - Ålesund/UDF (under avklaring kven av dei som vert fast og vara)
  • I tillegg møter ein representant for vernetenestene med tale- og forslagsrett Lars Rindal med vara Stig Meisal

Skybasert prosjektstyringsverktøy

Fellesnemnda fekk presentert eit skybasert prosjektstyringsverktøy. Verktøyet er gratis og utarbeidd av Asker kommune i samarbeid med andre offentlege og private aktørar. Løysinga skal gjere det lettare å samhandle og dele dokument og informasjon innad i prosjektet og med eksterne samarbeidspartnarar. Prosjektstyringsverktøyet skal brukast i prosjektperioden fram til 1.januar 2020.

Risikoanalyse

Målsettinga med å gjennomføre ein ROS-analyse er å «vere føre var» og kunne sette i verk tiltak for å forhindre at tenkte hendingar inntreff.

Det er  utarbeidd ein overordna ROS-analyse med tiltaksplan som styringsgruppa behandla i juni. Analysen er behandla av  ei administrativ gruppe i etterkant. Analysa tek utgangspunkt i visjon og mål for bygging av nye Ålesund og omstillingsarbeidet.

Arbeidsutvalet har rådd fellesnemnda til å ta tiltaksplanen til orientering. Fellesnemnda tok analysen og tiltaksplanen til orientering. Det skal gjennomførast ny risikoanalyse ved årsskiftet.

Godtgjerdsle for politisk arbeid

Fellesnemnda fulgte arbeidsutvalet sitt forslag om å utsette denne saka og at fellesnemnda vedtek å sette ned ei referansegruppe med eit medlem frå kvar kommune som ikke er heiltidspolitikar. Rådmann i Ørskog Synnøve Vasstrand Synnes blir sekretær for gruppa, og det skal leggast fram nye alternativ i saka før den skal opp til behandling.

Referansegruppa

Til å sitte i referansegruppa valde fellesnemnda Jessica Gärtner frå Sandøy, Terje Vadset frå Skodje, Torill Leganger frå Ørskog, Sindre Nakken frå Ålesund og Randi W. Frisvoll frå Haram.

Overordna styringsdokument

Fellesnemnda godkjente det overordna styringsdokumentet slik det er no. Det blir lagt fram ein ny versjon for fellesnemnda i oktober. Det overordna styringsdokumentet er fellesnemnda si bestilling til administrasjonen om korleis prosessen skal styrast.

Dokumentet skal vere eit levande dokumentet som skal leggast fram for fellesnemnda til godkjenning ettersom fusjons- og utviklingsprosessen går inn i nye fasar - og ny og vesentleg informasjon føreligg. 

Dokumentet skal:

  • Peike ut retning gjennom visjon, mål og verdiar for prosjektperioden
  • Gje oversikt over prosjektet i omfang og oppbygging
  • Tydeleggjere roller og ansvar i prosjektet
  • Gje oversikt over fasar i prosjektet og tiltak i dei ulike fasane.

Styringsdokumentet vil bli lagt ut på nyealesund.no under dokument.

Mandat for delprosjekta

Alle delprosjekta har felles føringar som ligg i botn for arbeidet. I tillegg skal fellesnemnda gi kvart av delprosjekta mandat for arbeidet.
Mandat er ei overordna ramme og bestillinga frå fellesnemnda til delprosjektgruppa.

Mandata skal beskrive, definere og avgrense formålet med gjennomføring av delprosjektet. Alle delprosjekta har utarbeidd forslag til mandat til eige arbeid.

Fellesnemnda vedtok mandata.

Fri og frikjøp av tillitsvalde

Det å danne ein ny kommune er eit stort arbeid der dei tilsette og deira representantar er viktige for å lukkast og for å få ein best mulig organisasjon.

Fellesnemdna valde å følge artbeidsutvalet si tilråding. Tilrådinga er arbeidd fram saman med tillitsvalde.

Fellesnemnda gjorde slikt vedtak:

Arbeidsutvalet rår fellesnemnda til å gjere slikt vedtak:

For komande år (september 2017 til juli 2018)  gjeld følgande ordning for fri/frikjøp for tillitsvalde som deltek i arbeidet med nye Ålesund kommune.

  • Representantar i partssamansatt utval (PSU) får 30% frikjøp. Representantane representerar alle tilsette i dei fem kommunane og ikkje berre eigne medlemmar. Representantane har ansvar for koordinering, møteførebuing, møter, informasjon og forankring av saker med andre organisasjonar.
  • Vararepresentantar til PSU  blir gitt 10 % frikjøp.
  • For tillitsvalde som deltek i delprosjekta bør det gjevast tid til å vere med i møter, til førebuing og tid til reise til og frå. Malen bør vere at det gjevast tilsvarande tid til førebuing som det som er planlagt møtetid. Reisetid kjem i tillegg. Som eksempel blir det da for dagsmøter gitt ein dag med førebuing.
  • For hovudverneombod som deltek i utval eller prosjektgrupper gjeld same frikjøpsreglar som for tillitsvalde.
  • Kommunane sine utgifter til løn for frikjøp i partssammensatt utval blir refunderte frå og med september 2017.

Møte

Du finn protokoll og sakspapir frå møtet under Om nye Ålesund kommune >Dokument

Neste møte i fellesnemnda er på allrommet på Harøy skule i Sandøy 14. september klokka 12.00 - 15.00

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.