Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vegnamn, eigedomsskatt og grafisk materiell

AU-møte i mai


Arbeidsutvalet i nye Ålesund kommune møtes 7. september på Harøya i Sandøy og blant sakane er kriterier for endring av vegnamn, eigedomsskatt, samanslåing av NAV-kontor og grafisk materiell og uttrykk for nye Ålesund kommune.

Møtet 7. september finn stad på Harøya, Sandøy kommune og startar kl. 12.00. Dette er blant sakane:


Kriterier for endring av vegnamn

Matrikkelen er ett av landets tre basisregistre, saman med Enhetsregisteret og Det sentrale folkeregisteret. I matrikkelen registerast opplysningar om grunneiendom, bygning og adresse, samt kommunens digitale eiendomskart. Adresser er ein viktig del av matrikkelen og en offisiell vegadresse består av veg- eller gatenamn med tilhørende husnummer. I dei fem kommunane som utgjør nye Ålesund er det i matrikkelen registrert vegnamn som for to eller flere kommunar er heilt like. Når fem kommunar slår seg  saman blir like vegnamn eit problem i matrikkelen. Ulike gatekoder og kommunenummer knyttet til vegnamnet, gjør at ein i dag kan skilje like vegnamn frå kvarande. Men når fem kommunar slår seg saman blir like vegnamn eit problem i matrikkelen. Ein offisiell vegadresse skal være unik i matrikkelen innenfor én og same kommune.

I saksfremlegget står det Arbeidsutvalet si innstilling til Fellesnemnda om å legge kriterier til grunn for endring av vegnamn og i kva kommune namneendringa skal skje.

Eigedomsskatt

Sandøy, Skodje og Ålesund har vedtak om eigedomsskatt for 2017, alle med skattesats 2 promille. Haram og Ørskog har ikkje eigedomsskatt. I forslag til vedtak for AU frå Rådmannsgruppa ligg dette inne som forslag på kva AU rår Fellesnemnda å gjere:

Fellesnemnda i nye Ålesund kommune vedtek å søke om ein overgangsperiode på inntil 2 år for å
harmonisere reglane for innkrevjing av eigedomsskatt i den nye kommunen.

Møtereglement og grafisk materiell

Arbeidsutvalet skal også diskutere utkastet til eit nytt politisk møtereglement som skal behandlas ordinært i neste møte. Også på dagens agenda er orientering om prosessar ved samanslåing av NAV-kontor, val av leiar og varamedlemmar for deloprosjektgruppa interkommunale samarbeid og budsjettramme for utforming av grafisk materiell og uttrykk for prosjektet nye Ålesund kommune.

Sakapapir tilgjengeleg

Sakspapira til møtet er tilgjengeleg på nettstaden til nye Ålesund kommune.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.