Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vegnamn, eigedomsskatt og NAV-kontor

klubbe cropFellesnemnda skal diskutere kritierier for endring av vegnamn, vurdere å søke unntak frå fristen for innkreving av eigedomsskatt og snakke om samanslåing av NAV-kontor.

Møtet blir halde i Sandøy kommune i Sandøyhagen 14. september og startar klokka 12.00. Møtet er ope for publikum, men blir også direkteoverført på nett. Det er arbeidsutvalet som kjem med innstilling til vedtak for fellesnemnda. Arbeidsutvalet består av ordførarane og rådmennene i dei fem kommunane.

Vegnamn i den nye kommunen

Når fem kommunar skal slå seg saman vil det vere fleire gater med same namn eller namn som er så like at dei må endrast. Dette er viktig for blant anna nødetatane og for å unngå forvirring blant innbyggarar og besøkande. Dette er også i tråd med regelverket, som seier at alle gater, veger, stier, plassar og område skal ha eit unikt namn innan kommunen.

Eit eige delprosjekt samansett av folk frå alle dei fem kommunane, arbeider med dette og korleis en på best mogleg måte skal få dette i hamn. Endring av, og tildeling av nye gatenamn, er ei politisk sak. I første omgang skal fellesnemnda ta stilling til kva for kritierier som skal ligge til grunn ved endring av  vegnamn. Det skjer på dette møtet. Når kriteria er bestemte kan ein ta fatt på arbeidet med kva for vegnamn som skal endrast og i kva for kommune endringa skal skje. Når fellesnemnda har vedtatt kva for vegar som skal skifte namn, er forslaget at den enkelte kommune tar over arbeidet og vedtaka etter det.

Desse kriteria er foreslått, i prioritert rekkefølge:

  • Kommunen med flest adresser knytta til eit vegnamnd beheld namnet. Talet adresser knytta til næring blir lagt tyngre vekt på ein bolig, noko som vurderast ved skjønn.
  • For vegnamn som tilhøyrer ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal talet på vegnamn og talet på adresser leggast vekt på, samla sett. Kommunen med flest vegnamn og/eller flest adresser beheld namnet.
  • Ein kommune som naturleg kan erstatte eit vegnamn ved å tak i bruk namn på tilstøtande vegtrasé, beheld ikkje namnet.
  • Vegnamn med ein sterk posisjon for fleire enn innbyggarane, til dømes namn etter viktige personar og/eller namn av historisk tyding for det aktuelle geografiske området, beheld namnet.

 Eigedomsskatt i nye Ålesund

Eigedomsskatt høyrer til ein kommune sine frie inntekter, og kan fritt disponerast slik kommunestyret vedtar. Det einskilde kommunestyre må sjølv bestemme om det skal skrivast ut eigedomsskatt, kva kategoriar det eventuelt skal skrivast ut eigedomsskatt for, og kva skattesats ein eventuelt skal nytte. Per i dag har Sandøy, Skodje og Ålesund eigedomsskatt. Haram og Ørskog har det ikkje.

Ved samanlåing av kommunar gjeld lokale forskrifter og vedtekter fram til dei blir endra. Det er ikkje sett nokon frist for tilpassing av det lokale regelverket, men hovudregelen er at tilpassinga bør gjerast i løpet av det første året etter at samanslinga trår i kraft, altså innan utgangen av 2020.  I innstillinga frå arbeidsutvalet så er det ønskeleg å utsette avgjerda om eigedomsskatt i den nye kommunen blant anna fordi ein ikkje har oversikt over korleis inntektsramene blir i den nye kommunen. Det vil vere naturleg at ein greier ut spørsmålet om eigedomsskatt nærare slik at det nye kommunestyret kan ta stilling til saka i samband med handsaming av budsjettet for den nye kommunen sitt første driftsår.

Kongen kan gjere unntak frå eventuelt lovbestemte fristar for å sikre fleksibilitet i harmonisering av lokale forskrifter og vedtekter, slik som eigedomsskatt. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har minna dei kommunane som skal slå seg saman om at dei bør vurdere om det er naudsynt å ha unntak frå fristane for å kreve inn eigedomsskatt for å kunne gjennomføre samanslåinga. Slike unntak er gitt før.

Det blir foreslått at fellesnemnda vedtar å søke om ein overgangsperiode på inntil to år for å harmonisere reglane for innkreving av eigedomsskatt i den nye kommunen.

Samanslåing av NAV-kontor

NAV-kontora eigast av kommunane og staten i fellesskap, og kommunereforma påvirkar derfor NAV-kontora. Kommunesamanslåing utløyser også samanslåing av NAV-kontor.
lnnbyggjarane får best velferdstenester når staten og kommunane samarbeider godt om NAV-kontora, og NAV og KS har gjennom mange års samarbeid hausta mykje
nyttig erfaring. Alle kommunar har mottatt informasjonsskriv og sjekklister frå KS og NAV for samanslåingsprosessen av NAV-kontor som følge av kommunereforma. I informasjonsskrivet opplyser dei at kommunesamanslåingane  gir mulegheiter til å vidareutvikle tenestetilbodet, slik at ein kan levere betre brukarmøter og få fleire arbeid og aktivitet.

Tilrådinga til fellesnemnda er at dei tar informasjonen til orientering og ber rådmannsgruppa og prosjektkoordinator starte eit innleiande arbeid med NAV.

Sjå alle sakspapira til møtet 14. september klokka 12.00.

Om fellesnemnda

Etter Stortingsvedtak om kommunestruktur i juni 2017 er det sett ned ei fellesnemnd med fem representantar med vara frå kvar kommune.

Fellesnemnda har det formelle ansvaret med å førebu den nye kommunen i samsvar med føringane i intensjonsavtalen. Nemnda disponerer blant anna eingongsstønaden frå staten i samband med kommunereforma, og skal tilsette rådmann/prosjektleiar for den nye kommunen.

Her er lista over medlemmar i fellesnemnda.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.