Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Fellesnemndas vedtak i møtet 14. september

Fellesnemndmøte i Sandøy 14. september Fellesnemnda vedtok blant anna kritierier for endring av vegnamn, sa ja til å søke unntak frå fristen for eventuell innkreving av eigedomsskatt og snakka om samanslåing av NAV-kontor.

Møtet var i Sandøy kommune i Sandøyhagen på Harøy.

Vegnamn i den nye kommunen

Når fem kommunar skal slå seg saman vil det vere fleire gater med same namn eller namn som er så like at dei må endrast. Dette er viktig for blant anna nødetatane og for å unngå forvirring blant innbyggarar og besøkande. Dette er også i tråd med det nasjonale regelverket, som seier at alle gater, veger, stier, plassar og område skal ha eit unikt namn innan kommunen.Det er rundt 40 vegnamn som er dei same i dei fem kommunane. I kriteria er det lagt vekt på færrast mogleg endringar.

Representant frå Skodje, Kari Grindvik, foreslo å bytte punkt to og fire. Forslaget blei nedstemt med 15 mot 10 stemmer.

Fellesnemnda vedtok desse kriteria, i prioritert rekkefølge:

  • Kommunen med flest adresser knytta til eit vegnamn beheld namnet. Talet adresser knytta til næring blir lagt tyngre vekt på enn bolig, noko som vurderast ved skjønn.
  • For vegnamn som tilhøyrer ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal talet på vegnamn og talet på adresser leggast vekt på, samla sett. Kommunen med flest vegnamn og/eller flest adresser beheld namnet.
  • Ein kommune som naturleg kan erstatte eit vegnamn ved å tak i bruk namn på tilstøtande vegtrasé, beheld ikkje namnet.
  • Vegnamn med ein sterk posisjon for fleire enn innbyggarane, til dømes namn etter viktige personar og/eller namn av historisk tyding for det aktuelle geografiske området, beheld namnet.

Endring av, og tildeling av nye gatenamn, er ei politisk sak. No når fellesnemnda har bestemt kva for kriterie som skal ligge til grunn ved endring av vegnamn, kan ein ta fatt på arbeidet med kva for vegnamn som skal endrast og i kva for kommune endringa skal skje. Når fellesnemnda har vedtatt kva for vegar som skal skifte namn, er forslaget at den enkelte kommune tar over arbeidet og vedtaka etter det.

Eigedomsskatt i nye Ålesund

Kongen kan gjere unntak frå eventuelt lovbestemte fristar for å sikre fleksibilitet i harmonisering av lokale forskrifter og vedtekter, slik som eigedomsskatt. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har minna dei kommunane som skal slå seg saman om at dei bør vurdere om det er naudsynt å ha unntak frå fristane for å kreve inn eigedomsskatt for å kunne gjennomføre samanslåinga. Slike unntak er gitt før. Det er det nye kommunestyret i nye Ålesund som skal vedta om den nye kommunen skal ha eigedomsskatt eller ikkje.

Fellesnemnda vedtok einstemmig å søke om ein overgangsperiode på inntil to år for å harmonisere reglane for eventuelt innkreving av eigedomsskatt i den nye kommunen.

Eigedomsskatt høyrer til ein kommune sine frie inntekter, og kan fritt disponerast slik kommunestyret vedtar. Det einskilde kommunestyre må sjølv bestemme om det skal skrivast ut eigedomsskatt, kva kategoriar det eventuelt skal skrivast ut eigedomsskatt for, og kva skattesats ein eventuelt skal nytte. Per i dag har Sandøy, Skodje og Ålesund eigedomsskatt. Haram og Ørskog har det ikkje.

Ved samanlåing av kommunar gjeld lokale forskrifter og vedtekter fram til dei blir endra. Det er ikkje sett nokon frist for tilpassing av det lokale regelverket, men hovudregelen er at tilpassinga bør gjerast i løpet av det første året etter at samanslinga trår i kraft, altså innan utgangen av 2020.  Fellesnemnda meiner det er ønskeleg å utsette avgjerda om eigedomsskatt i den nye kommunen blant anna fordi ein ikkje har oversikt over korleis inntektsrammene blir. Det vil vere naturleg at ein greier ut spørsmålet om eigedomsskatt nærare slik at det nye kommunestyret kan ta stilling til saka i samband med handsaming av budsjettet for den nye kommunen sitt første driftsår.

Samanslåing av NAV-kontor

Fellesnemnda fekk orientering om samanslåing av NAV-kontor og ba rådmannsgruppa og prosjektkoordinator starte eit innleiande arbeid med NAV. NAV-kontora eigast av kommunane og staten i fellesskap, og kommunereforma påvirkar derfor NAV-kontora. Kommunesamanslåing utløyser også samanslåing av NAV-kontor.

lnnbyggjarane får best velferdstenester når staten og kommunane samarbeider godt om NAV-kontora, og NAV og KS har gjennom mange års samarbeid hausta mykje nyttig erfaring. Alle kommunar har mottatt informasjonsskriv og sjekklister frå KS og NAV for samanslåingsprosessen av NAV-kontor som følge av kommunereforma. I informasjonsskrivet opplyser dei at kommunesamanslåingane  gir mulegheiter til å vidareutvikle tenestetilbodet, slik at ein kan levere betre brukarmøter og få fleire arbeid og aktivitet.

Fleire saker kom opp under eventuelt:

Fiber- og breibandsutvikling

Nye Ålesund har fått 4,5 millionar kroner til breiband. Desse midlane kan ikkje brukast til generell fiberutbygging til innbyggarane, kun fiber for å knytte saman kommunane.

Fellesnemnda for nye Ålesund ber administrasjonen om å starte utgreiing av eit prosjekt som har som formål å vidareføre målsettingane som blei vedtatt i møte i styringsgruppa for nye Ålesund på Ørskog i januar i år. (Styringsgruppa vedtokat ein ønsker å starte arbeidet med å realisere full fiberutbygging,
også i utkantane der det ikkje er kommersielt lønsamt.) Målet med denne utgreiinga skal vere å skaffe eit kvalifisert kostnadsoverslag, og tilrådingar til korleis eit anbod skal utformast. Samla tilskotsramme må i neste omgang vurderast ut frå dei samla andre kosntadane til gjennomføringa av kommunesamanslåingsprosjektet.

Deltaking i referansegruppa for Møreaksen

Nye Ålesund er invitert til å stille med ein observatør i referansegruppa for Møreaksen (E39 Vik - Bolsønes).

Referansegruppa har representantar frå blant anna kommunar og Statens vegvesen for å få dele informasjon og drøfte tema i planleggingsarbeidet. Gruppa er  utvida etter Nasjonal Transportplan, i den siste delen av planleggingsfasen før oppstart. Dagleg leiar i Møreaksen inviterer ein representant frå nye Ålesund til å delta i møta og følge prosessen for å få førstehandskunnskap om arbeidet med fjordkryssinga og nyttig bakgrunnsinformasjon til det vidare arbeidet med planlegginga av E39 Vik - Digernes og E39 Digernes - Ålesund.

Fellesnemnda vedtok å invitere Statens vegvesen til eit møte slik at nemnda kan bli oppdatert på prosjektet og som ein konsekvens av det kan ta stilling til om nye Ålesund ønsker å ha ein observatør i referansegruppa for Møreaksen.

Sjå alle sakspapira og protokoll etter møtet 14. september.

Om fellesnemnda

Etter Stortingsvedtak om kommunestruktur i juni 2017 er det sett ned ei fellesnemnd med fem representantar med vara frå kvar kommune.

Fellesnemnda har det formelle ansvaret med å førebu den nye kommunen i samsvar med føringane i intensjonsavtalen. Nemnda disponerer blant anna eingongsstønaden frå staten i samband med kommunereforma, og skal tilsette rådmann/prosjektleiar for den nye kommunen.

Her er lista over medlemmar i fellesnemnda.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.